«After Hours» er ein song frå 1969 skriven av Lou Reed[2] og framført av The Velvet Underground. Han er den tiande og siste songen på det sjølvoppkalla, tredje albumet deira.[3] Han er ein av få songar med solovokal av trommeslagaren Maureen Tucker, sidan Lou Reed meinte songen var «så uskuldig og rein» at han ikkje kunne syngje songen sjølv. Tucker vert akkompagnert av akustisk gitar og bass. Tekststilen og musikken kan minne om ein Tin Pan Alley-song frå 1930-åra. .[4]
Songen vart sidan spelt inn på ny av Maureen Tucker i lag med The Changelings i 2002. Han vart gjeven ut på singel i lag med «I'm Sticking with You».
Musikkvideo
I 2014 heldt Universal Music Enterprises ein konkurranse i samarbeid med Genero om å få laga ein offisiell musikkvideo for songen.[5] Frå 120 innsendte forslag, vart videoen til Choking Monkey Productions vald ut som vinnar og sidan lasta opp på Velvet Underground Vevo YouTube-kanalen.[6][7]
Andre versjonar
R.E.M. framførte songen på turneen for albumet Green, og eit opptak finst på DVD-en Tourfilm.
Meg White frå The White Stripes song songen 31. desember 2000 som avslutning på nyårskonserten deira og kom ut på ei avgrensa utgjeving som Vault Package #44.