Expletive Delighted! er eit album av folkrockbandetFairport Convention. Det er det einaste albumet deira som berre består av instrumentalmusikk, trass i at det på omslaget står «teksthefte vedlagt».[1]
Ric Sanders, som hadde spelt på somme spor på det førre albumet, Gladys' Leap, vart invitert med i Fairport som fulltidsmedlem, og det same vart Maartin Allcock. Resultatet vart i følgje Dave Pegg, «Rick og Maart skreiv begge ting, og komponerte desse flotte instrumentale stykka. Eg tenkte at me burde gjere noko med ein gong, fange augneblikket. Så vi gav ut eit heilt instrumentalt album, Expletive Delighted. Eg ønskte verkeleg å vise alle kva desse nye karane kunne gjere, kor flinke dei var til å spele ... besetninga tydde at me kunne turnere att, og det gjorde at me hadde nye songar for Cropredy, og det gjorde at det var eit Fairport igjen. Så frå 1986 og framover, var ikkje Cropredy berre ein gjenforeiningsfestival lenger. Vi hadde eit band.»[2]}} Denne nye besetninga varte i elleve år, den mest stabile av alle samansetningane av Fairport fram til då.[3]
Kritikaren i Allmusic skildra Expletive Delighted! som «stundom hyggeleg og stundom særs irriterande», og kritiserte at trommene til Dave Mattacks var altfor tydelege i miksen, medan «Portmeirion» og tittelsporet vart skildra som «like delikate og vakre som noko denne versjonen av bandet har gjort».[4]