In Real Time: Live '87 er eit album av folkrockbandetFairport Convention. Sjølv om det (særleg ut frå plateomslaget) ser ut til å bestå av konsertinnspelingar, er albumet stort sett spelt inn i The Mill studio i Farnham i Buckinghamshire, med lydar av publikum lagt oppå sidan, visstnok henta frå ein konsert med John Martyn.
«Live '87» av tittelen viser til at songane vart spelte inn «live» i studio, der alle musikarane speler samstundes, og ikkje kvar for seg som ein ofte gjer på studioinnspelingar.