Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.
Francis Albert «Frank» Sinatra (fødd 12. desember1915 i Hoboken i New Jersey, død 14. mai1998) var ein amerikansk songar og skodespelar som blir oppfatta som av éin av dei aller beste vokalistane i si tid, spesielt omtykt for perfekt frasering og timing. Mange kritikarar plasserer han ved sida av Bing Crosby, Elvis Presley, og The Beatles som dei viktigaste namna innanfor populærmusikk på midten av 1900-talet.
Biografi
Frank Sinatra var einebarn av ein stille far og ei talentfull og emosjonell mor som jobba deltid på ein abortklinikk. Sinatra bestemte seg for å bli songar etter å ha høyrt Bing Crosby synge i radioen. Han byrja å synge i små klubbar i New Jersey før han endeleg fekk merksemda til trompetisten og orkesterleiaren Harry James. Som plateartist på Columbia Records hadde han blant anna den norskætta Axel Stordahl som orkesterleiar. Frank Sinatra fekk tre stjerner på Hollywood Walk of Fame for respektive film, musikk og TV.
Frank Sinatra var gift fire gonger, blant anna med skodespelarane Ava Gardner og Mia Farrow. Han vart far til songarinna Nancy Sinatra.
I ein alder av 37 år starta Frank Sinatra karriere som filmskodespelar, og som filmpersonlegdom vart han akta som mykje "tøffare" enn som songar. Som «The Chairman of the Board» vart han eit amerikansk ikon, kjend for si arrogante, nokre gonger sjølvgode framferd, tydeleggjord i signatursongen hans; «My Way».
Etter ein film- og musikkarriere som dabba av på slutten av 1960-talet og byrjinga på 1970-talet, la Frank Sinatra opp i 1971, for så å gjere comeback i 1973. Han spela inn fleire album og fekk til slutt ein megahit i 1980 med «(Theme From) New York, New York» Albumet In the Wee Small Hours vert rekna som ein klassikar av musikkavisa Panorama.[1] På 1960-talet song han songen «I Won't Dance». Sinatra danna saman med Dean Martin og Sammy Davis Jr.supergruppaThe Rat Pack.
Filmografi
1977 Contract on Cherry Street :* 1974 That's Entertainment