James K.A. Guthrie (fødd 14. november1953) er ein britisk lydteknikar og og plateprodusent som er mest kjend for arbeidet sitt med Pink Floyd. Han var lydteknikar og produsent for bandet sidan 1978. Han eig òg das boot recording i Lake Tahoe i California.
Guthrie var lydteknikar og medprodusent for albumet The Wall (1979), og den påfølgjande turneen og har i ettertid arbeidd med bandet i ulike rollar på alle utgjevingar sidan den gong. Han har òg ført oppsyn med nyutgjevinga til CD av heile katalogen og vore teknikar under nyutgjevingar av albuma til 5.1 kringlyd. James Guthrie fekk ein «Grammypris» for beste lyd på Pink Floyd The Wall i 1982. Guthrie var bindeleddet mellom Roger Waters og resten av Pink Floyd etter at Waters forlét bandet, og han klarte å få til eit samarbeid mellom medlemmane om utgjevinga av samlealbummet Echoes i 2001.
Guthrie har vore å finne bak miksepulten på soloutgjevingar av både Roger Waters, David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright. Han har òg produsert Toto sitt «Grammyvinnande» debutalbum, Queensrÿche-albumet The Warning (1984), Judas Priest-albuma Stained Class (1978) og Hell Bent for Leather (1979) medan han i 1983 var lydteknikar på filmen The Dead Zone.
Utvald diskografi (Pink Floyd og tilknytte plater)
John Wetton — sessions for Raised In Captivity (the completed album was later recorded with another produsent and released as Battle Lines), 1992 («Walking On Air,» «If I Was A Country»)