Timothy John Pearson «Tim» Renwick (fødd 7. august1949) er ein engelsk gitarist. Han er blant anna kjent som medlem av Quiver (seinare Sutherland Brothers & Quiver) og for samarbeidet sitt med Pink Floyd og Elton John.
Då Renwick samarbeidde med Elton John, skreiv dei to låten «Dreamboat» saman, som Elton John gav ut som b-side på singelen I'm Still Standing.[1]
Renwick spelte gitar på dei to Pink Floyd-albuma A Momentary Lapse of Reason og The Division Bell, og dessutan spelte på turneane som følgde etter desse utgjevingane. Difor er han òg å høyre på Delicate Sound of Thunder og P•U•L•S•E. Då Gilmour, Mason og Wright vart gjenforent med Water sine under Live 8-konserten i 2005 spelte Renwick gitar og bassgitar med bandet.
Renwick har gjeve ut to soloalbum. Det første vart titulert med hans eige namn i 1980, medan han i 2007 utgav albumet Privateer.
Han er blant anna kjent som medlem av Quiver (seinare Sutherland Brothers & Quiver) og for samarbeidet sitt med Pink Floyd og Elton John.
Då Renwick samarbeidde med Elton John, skreiv dei to låten «Dreamboat» saman, som Elton John gav ut som b-side på singelen «I'm Still Standing».
Renwick spelte gitar på dei to Pink Floyd-albuma A Momentary Lapse of Reason og The Division Bell, og dessutan på turneane som følgde etter desse utgjevingane. Difor er han òg å høyre på Delicate Sound of Thunder og P•U•L•S•E. Då Gilmour, Mason og Wright vart gjenforeint med Waters under Live 8-konserten i 2005 spelte Renwick gitar og bassgitar med bandet.
Renwick gav også ut soloalbum. Det første, titulert med hans eige namn, kom ut i 1980, medan han i 2007 gav ut instrumentalalbumet Privateer.[6]