Dick Parry

Dick Parry

Fødd22. desember 1942 (81 år)
FødestadEngland
OpphavStorbritannia
Aktiv1964 til i dag
SjangerProgressiv rock
InstrumentSaksofon
Tilknytte artistarPink Floyd, David Gilmour
Verka somSaksofonist

Dick Parry (fødd 22. desember 1942) er ein britisk saksofonist, som har vore studiomusikar på fleire album til forskjellige artistar og band. Mest kjend er han nok for sine soloar i Pink Floyd-songane «Money», «Us and Them», «Shine on You Crazy Diamond» og «Wearing the Inside Out».[1][2]

Han starta karrieren sin som ein ven av Pink Floyd-gitaristen David Gilmour,[1] og var ein del av bandet hans på midten av 1960-talet kalla Joker's Wild. På 1970-talet overtalte Gilmour han til å bli med på enkelte av Pink Floyd sine studioalbum, i tillegg til mange konsertar mellom 1972 og 2006. Han har òg turnert med bandet Violent Femmes. I det siste har han vore med på David Gilmour sin soloturné etter albumet hans On an Island

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Dick Parry on tour». Arkivert frå originalen 31 December 2010. Henta 19. februar 2009. 
  2. Lloyd Grossman The Dark Side of the Moon – album review Arkivert 2011-05-16 ved Wayback Machine. rollingstone.com, 24. mai 1973