Shine On er ein plateboks av Pink Floyd gjeve ut i 1992, som inneheld sju av platene deira i tillegg til ei bonusplate. Boksen kom i samband med 25-årsjubileumet til bandet. Alle platene var digitalt nymastra.
The Early Singles (bonusplate, som ikkje er tilgjengleg andre stader)
Inkludert i boksen var òg ei bok om historia til Pink Floyd frå oppstarten av bandet til slutten av 80-talet.
Nick Mason føreslo først at boksen burde heite «The Big Bong Theory», men forslaget vart nedstemd. Ein bong er eit redskap som brukast for å innta urter og rusmidler som for eksempel marijuana.
Medverkande
Roger Waters - Bass, vokal, lydeffektar, tekstar, produsent og tuba.
David Gilmour - Gitar, slidegitar, kazoo, lydeffektar, bass, lap steelgitar, vokal, tekstar, produsent.
Richard Wright - Tangentar, orgel, piano, synthesizer, trombone, klavinett, lydeffektar, tekstar, produsent og vokal
Nick Mason - Trommer, perkusjon, lydeffektar og produsent
Åtte medlemmar frå Frelsesarmeen - Ray Bowes (kornett), Terry Camsey (kornett), Mac Carter (trombone), Les Condon (Eb bass), Maurice Cooper (Eufonium), Ian Hankey (trombone), George Whittingham (Bb bass), og ein til på «Jugband Blues».