A Nice Pair
A Nice Pair er eit samlealbum av Pink Floyd. Albumet er hovudsakleg albuma The Piper at the Gates of Dawn og A Saucerful of Secrets seld i lag som eit dobbeltalbum. Utan noko tilsynelatande årsak kom den amerikanske utgåva med konsertversjonen av «Astronomy Domine» frå Ummagumma i staden for originalversjonen. Albumet nådde 36. plass på den amerikanske Billboardlista, og fekk gullplate i mars 1994. Omslaget er laga av Hipgnosis, som laga mange andre Pink Floyd-omslag, inkludert The Dark Side of the Moon. Omslaget har eigentleg ei rekkje bilete av potensielle omslag som ikkje var gode nok omslag på eigahand. Kvart omslag er delt inn i ni firkantar, og kvart bilete representerer eit engelsk ordspel (t.d. bilete av ein gaffel på ein veg, «a fork in the road» som tyder vegkryss). Albumet var den første utgjevinga for bandet etter The Dark Side of the Moon, noko som virka forvirrande for mange nye tilhengjarar sidan det psykedeliske lydbiletet på dei to første platene var noko ganske anna enn Dark Side (særleg amerikanske tilhengjarar sidan Pink Floyd var meir kjend i Europa). Sidan både The Piper at the Gates of Dawn og A Saucerful of Secrets vert seld separat, er A Nice Pair ei ganske overflødig plate, og det er lenge sidan plateselskapet slutta å trykke plata, og ho har heller aldri offisielt kome ut på CD. InnhaldAlle songar er av Syd Barrett bortsett frå der det er skrive annleis. The Piper at the Gates of Dawn
A Saucerful of Secrets
Medverkande
|