Meddle er det sjette studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut 31. oktober 1971 på Harvest Records. Det vart spelt inn mellom turneane til bandet, frå januar til august 1971. Albumet vart spelt inn fleire stader kring London, mellom anna Abbey Road Studios og Morgan Studios.
Gruppa hadde ikkje songar å arbeide med eller noko klår idé om kva retning dei skulle ta, så gruppa sette i gang med ei rekkje eksperiment som til slutt enda opp å inspirere dei til å lage «Echoes». Sjølv om dei seinare albuma til bandet vart samla kring eit eins tema med tekstar skrivne av Roger Waters, var Meddle eit gruppesamarbeid med tekstbidrag frå kvart medlem, og det vert rekna som eit overgangsalbum mellom den Syd Barrett-påverka gruppa frå seint i 1960-åra og Pink Floyd i 1970-åra.[1] Plateomslaget er eit øyre under vatn.[2] Som med fleire av dei tidlegare albuma designa av Hipgnosis, var ikkje Storm Thorgerson nøgd med resultatet.
Albumet fekk god kritikk av musikkritikarane då det kom ut og selde godt i Storbritannia, men dårleg marknadsføring i USA gjorde at salstala var dårlege der då det kom ut.
Innspeling
Etter å ha spelt ei rekkje konsertar i Amerika og England for å marknadsføre Atom Heart Mother sette Pink Floyd i gang arbeidet med nytt materiale i Abbey Road Studios i London tidleg i 1971.[3] På den tida hadde Abbey Road berre ein åttesporsopptakar og bandet meinte at dette ikkje var nok for dei stadig aukande tekniske krava prosjekta deira hadde. Dei overførte dei beste forsøka sine, inkludert opninga av det som vart «Echoes», til 16-sporslydband ved mindre studio i London (nemleg AIR og Morgan i West Hampstead) og fortsette arbeidet med det meir avanserte innspelingsutstyret. Lydteknikaren John Leckie og Peter Bown tok opp det meste av Abbey Road- og AIR-innspelingane, medan det mindre arbeidet som vart gjort i Morgan, vart handsama av Rob Black og Roger Quested.[4]
Bandet mangla eit sentralt tema for prosjektet og brukte fleire eksperimentelle metodar i eit forsøk på å få i gang den kreative prosessen. Eit eksperiment involverte at bandet spelte på kvar sine spor, utan referanse til det dei andre bandmedlemmane gjorde. Tempoet var heilt tilfeldig medan bandet leika seg med avtalte akkordstrukturar og stemningar som «første to minutta romantisk, neste to livlege». Kvar innspelte del fekk namn, men prosessen førte ikkje fram. Etter fleire veker hadde dei ikkje klar ein einaste song.[5]
Lecik hadde arbeidd på album som George Harrison sitt All Things Must Pass og Ringo Starr sitt Sentimental Journey, og var tilsett som lydbandoperatør på Meddle, dels fordi han hadde ein tendens til å arbeide til seint på natt. Han sa at Pink Floyd-innspelingane gjerne byrja om ettermiddagen og slutta tidleg på morgonen, og «i løpet av den tida vart det ikkje gjort noko som helst. Det var ikkje noko kontakt med plateselskapet, utanom at kontakten deira i selskapet av og til dukka opp med eit par vinflasker og nokre jointar.»[6] Bandet brukte visstnok lang tid på å arbeide med enkle lydar, eller eit særskild gitarriff. Dei brukte òg fleire dagar i AIR i eit forsøk på å skape musikk med forskjellige hushaldningsting, ein idé dei gjekk attende til mellom The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here.[7]
Etter desse tidlege eksperimenta - som vart kalla Nothings – utvikla bandet Son of Nothings, som vart følgd opp av Return of the Son of Nothings – arbeidstittelen på det nye albumet. Ein av desse tidlege eksperimenta var å bruke pianoet til Richard Wright. Wright hadde sendt ein enkel tone gjennom ein Leslie-høgtalar, og skapt eit ubåtliknande ping. Bandet prøvde å gjenskape denne lyden i studioet, men klarte det ikkje, så demoversjonen vart nytta på det som sidan vart «Echoes»,[5] og miksa i AIR Studios.[8] Kombinert med gitaren til David Gilmour, klarte bandet å utvikle sporet vidare, og eksperimenterte med tilfeldige lydeffektar (som å plugge gitaren til Gilmour inn i ein wah-wah pedal bakfram, ein effekt dei hadde nytta på konsertar i 1970 i den instrumentale delen av «Embryo». Dette skapte ein måseskrik-liknande lyd. I motsetnad til Atom Heart Mother, gjorde dei ekstra lydspora dei no hadde tilgjengeleg at dei kunne skape sporet i fleire stadium, i staden for å spele det inn i eitt enkelt opptak. Det endelege, 23 minuttar lange stykke tok til slutt opp heile side to av albumet.[9]
Meddle vart spelt inn innimellom konsertane til bandet, så produksjonen vart spreidd over ei ganske lang tid.[4] Bandet var i studio første halvdel av april 1971, men andre halvdelen spelte dei i Doncaster og Norwich før dei kom attende i studio i slutten av månaden. I mai var dei både i studio i Abbey Road, og dreiv øvingar og heldt konsertar i London, Lancaster, Stirling, Edinburgh, Glasgow og Nottingham. I juni og juli spelte dei hovudsakleg i Europa.[4][10] I august reiste dei heilt til Australia og Asia, i september spelte dei i Europa og i oktober og november i USA.[4] I same perioden produserte gruppa òg Relics, ei samleplate med den tidlege musikken til Pink Floyd.[11] Ein kvadrofonisk miks av albumet vart førebudd i Command Studios den 21. og 26. september, men har aldri blitt utgjeven.[12][13]. I 2016 vart nye stereo- og 5.1-miksar av albumet gjeven ut som løynde spor på blueray-plata i Reverberation-delen av plateboksen The Early Years.[14]
Komposisjon
Sjølv om songane har forskjellige stemningar, er Meddle generelt rekna å vere meir samanhengande enn føregangaren Atom Heart Mother frå 1970.[15]
«One of These Days» vart utvikla kring ei ostinato-basslinje skapt av Roger Waters med å sende signalet gjennom ein Binson Echorec. Basslinja vart framført av Waters og Gilmour på to bassgitar, ein med gamle strenger. Trommeslagaren Nick Mason roper «One of these days I'm going to cut you into little pieces» med forvrengd stemme. Denne effekten fekk dei til ved å la lydbandet gå dobbelt så raskt og så sei linja i falsett, som dei så spelte av med normal snøggleik på lydbandet.[16]
A Pillow of Winds
Vinden frå slutten av «One of These Days» glir gradvis over i dette sporet, ei dempa og akustisk vise. Songen er ein av få rolege, akustiske kjærleikssongar i katalogen til Pink Floyd. Gilmour skreiv musikken, medan Waters skreiv teksten. Songen har ingen trommer, berre ein svak cymbal i andre halvdel av songen.
I følgje Nick Mason kjem tittelen av eit sett med mogelege kort ein kan ha på handa i spelet Mahjong, som Mason, Waters og konene deira spelte medan dei var i Sør-Frankrike.
Fearless
Songen har eit langsamt tempo og ein akustisk gitar gjev ein viss likskap til andre spor på albumet. Roger Waters laga det stigande riffet på gitaren sin med ei open G-stemming, som han lærte av Syd Barrett. Det verkar som om Barrett òg vert sunge om i teksten. Waters spelar både riffet og andre rytmegitardelar på denne songen, sjølv om han vanlegvis berre spelte bass.[17]
I slutten av songen kan ein høyre tilhengjarar av Liverpool, frå The Kop, som syng «You'll Never Walk Alone» oppå musikken av Pink Floyd. Denne songen av Rodgers og Hammerstein vart ein hymne for Liverpool etter at Gerry and the Pacemakers hadde hatt ein nummer ein-hit med deira innspeling. Fansen roper «Liverpool!» heilt på slutten av songen.
Tittelen på songen er eit engelsk slanguttrykk frå fotball som tyder «særs bra», og som vart ein klisje internt i bandet under turneane deira.
San Tropez
Songen er ein livleg jazzaktig popsong med ei sydlandsk kjensle, inkludert ein kort slidegitarsolo av Gilmour og ein lengre pianosolo av Wright. I motsetnad til dei andre spora på Meddle vart songen skriven av Waters aleine og ikkje som eit samarbeid.[18]
Albumet er laust basert på livet til Pink Floyd på denne tida. Heile bandet reiste til San Tropez i lag med kjærastane sine på den tida og hadde ei fredeleg tid, som ein kjenner igjen både i stemninga i songen og tittelen.
Seamus
Songen er skrive av heile bandet ein dag i 1971 då dei fann ut at hunden til Steve Marriott, Seamus (som Gilmour passa på den tida) kunne gøy i harmoni med musikken.[19] Dei spela raskt inn ein tolvtaktsblues, som hunden kunne «syngje» til, og Gilmour la seinare på litt ekstra instrument og eit lite vers. Ein kan òg høyre litt tale spreidd rundt i songen. Om lag eit minutt ut i songen kan ein høyre nokon frå bandet som seier noko som liknar «it's better than last time» eller «very theatrical». I følgje The Pink Floyd Encyclopedia av Vernon Fitch er det «Here is the real dog», som vert sagt.
Ein del Pink Floyd-fans har uttrykt misnøye med «Seamus» og meiner det er eit sjeldant tilfelle av dårleg låtskriving. Dette var derimot ein del av humoren til bandet, og viser bluesrøtene deira, som sjeldan vart vist på offisielle innspelingar.
Pink Floyd spelte berre denne songen ein gong, og det var på Live at Pompeii under namnet «Mademoiselle Nobs». For å gjenskape songen spelte Gilmour munnspel, medan Waters spelte gitar. Bandet hadde lyst å ha med denne songen, og bad regissør Maben om å finne ein hund som kunne ta Seamus sin plass. Dei gjorde innspelinga i les Studios de Boulogne i Paris våren 1972. Ein afghansk mynde kalla Nobs, som høyrde til Madonna Bouglione (dottera til ein sirkusdirektør kalla Joseph Bouglione), vart henta til studio. Ein kan òg høyre ein bass på innspelinga, men denne vart truleg lagt på seinare.
Den siste songen på albumet er den 23 minuttar lange «Echoes». Han vart først framført under tittelen «Return of the Son of Nothing» den 22. april 1971 i Norwich,[20] og bandet brukte kring eit halvt år på songen i tre forskjellige studio (Morgan, AIR and Abbey Road).[13] Sporet opnar med Wright sitt «ping». Det meste av «Echoes» vart spelt inn i Air Studios,[8] og var fullført i juli 1971.[13] I bakgrunnen av sporet kan ein høyre ein Shepard-tone. «Echoes» har òg gjeve namn til samlealbumet Echoes: The Best of Pink Floyd, der det finst ein kraftig nedkorta versjon. På samlinga vart leire klipp frå songen nytta og lengda er skoren ned til sju minuttar. Somme av materialet som vart skriven under innspelinga av Meddle vart ikkje nytta, men ein song vart sidan til «Brain Damage» på The Dark Side of the Moon.[15][21]
Innpakking
Tittelen på albumet, Meddle, er eit ordspel på medalje, eller medal på engelsk og det å blande seg inn.[22]Storm Thorgerson frå designgruppa Hipgnosis føreslo opphavleg å bruke eit nærbilete av anus på ein bavian som bilete på omslaget. Bandet gjekk ikkje med på det og sa til han på telefon frå Japan at dei heller ville ha «eit øyre under vatn».[23] Biletet på omslaget vart teken av Bob Dowling. Biletet syner eit øyre, der dei små bølgjene på vatnet skal representere lydbølgjer.[22] Thorgerson sa seinare at han var misnøgd med albumet og hevda det var det han likte minst av Pink Floyd sine omslag: «Eg syns Meddle er eit mykje betre album enn plateomslaget».[24] Kollegaen til Thorgerson, Aubrey Powell var samd og sa: «Meddle var eit rot. Eg hata det omslaget. Eg syns ikkje me rettferdiggjorde dei med det coveret i det heile. Det er halvhjarta.»[25] Biletet av bandet på innsida av albumet var siste gongen dei var avbilda på eit omslag før A Momentary Lapse of Reason i 1987.[24]
Utgjeving og mottaking
Meddle kom ut 31. oktober 1971 i USA og 13. november i Sotrbritannia.[26][27]Meddle vart seinare gjeven ut på ein ommastra LP av Mobile Fidelity Sound Lab,[28] og i april 1989 på gull-CD-formatet deira «Ultradisc».[29] Albumet var inkludert i plateboksen Shine On den 2. november 1992.[30]
Sjølv om det nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia, førte mangel på marknadsføring til dårlege salstal i USA og det nådde berre 70. plassen der.[26][31] «Pink Floyd hadde mange fans i Storbritannia og store delar av Europa», sa Rupert Perry, som då var sjef for A&R hos Capitol. «Men dei måtte bli større i USA, der dei berre gjorde 200 000 album. Dei var ein album-artist - ingen singlar - og det var dårlege nyhende for oss. Dei hadde særs høg kredibilitetsfaktor, men mangla salstala.»[32]
Den 29. november 1971 vart «One of These Days» gjeven ut på 7"-singel i USA med «Fearless» som B-side.[33] «One of These Days» og «Echoes» vart begge framførte på Live At Pompeii (den siste i to delar) og på BBC-programmet In Concert i 1971.[34][35]Meddle selde seinare til gullplate i USA den 29. oktober 1973 og hadde i mars 1994 seld til dobbel platina.[36]
Meddle fekk generelt gode meldingar då det kom ut.[45] Jean-Charles Costa i Rolling Stone skreiv: «Meddle stadfestar ikkje berre sologitaristen David Gilmour som ei gryande, skapande kraft i gruppa, men syner med kraft og nøyaktigheit at gruppa er i ferd med å vokse igjen»,[46] og NME kalla det «eit eksepsjonelt bra album».[47] Steve Peterson i Hit Parader kalla «Fearless» den beste songen på albumet og skreiv «Dette er nøydd til å vere det beste albumet deira til no.»[45] Ed Kelleher i Circus kalla det «nok eit meisterverk av ei meisterleg gruppe», og skreiv at «Fearless» var «fascinerande» og hylla «Echoes» som «eit tonedikt som gjev alle dei fire medlemmane mykje tid til å tøye musklane sine».[45]Melody Maker var derimot meir reservert og skildra det som «filmmusikken til ein ikkje-eksisterande film».[47]
I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) sa Robert Christgau at Meddle var ei ganske god utvikling frå dei tidlegare albuma deira og bestod av folkesongar med unike melodiar. Han kritiserte derimot teksten på «A Pillow of Winds»: «Ordet 'behold' bør aldri kome gjennom filteret deira igjen». I kritikken hans av «Echoes» meinte han at teksten etterlikna «Across the Universe» av The Beatles, med over 23 minuttar med musikk som flyt med ei «tidlaus ro» på liknande vis som «Interstellar Overdrive».[38] Daryl Easlea frå BBC meinte det var ein liknande, men meir konsistent og melodirik versjon av Atom Heart Mother med «Echoes» som høgdepunkt, som han skreiv «dominerer heile verket» og er «alt som er rett med progressiv rock; engasjerande, intelligent og uimotståeleg».[48] I The New Rolling Stone Album Guide (2004) sa Rob Sheffield at «Echoes» synte Pink Floyd å vere i større utvikling enn tidlegare.[44]AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine kalla Meddle det beste albumet deira i overgangsåra fram til The Dark Side of the Moon sidan det «bruker mesteparten av tida på lydmessige teksturar og lange komposisjonar, mest merkbart på den episke avslutningssongen 'Echoes'». Han skreiv om ein «uniform tone», men ingen song struktur, og skreiv at albumet var viktig i katalogen til gruppa: «Pink Floyd var ikkje noko mindre enn meistrar innan tekstur og Meddle er ei av dei beste reisene deira inn i små detaljar, som peikar fram mot den avmålte briljansen på Dark Side of the Moon og heile Roger Waters-perioden.»[37]