Jon Carin (fødd 21. oktober 1964) er ein produsent, artist og musikar, mest kjend for arbeidet sitt med Pink Floyd og meir spesifikt gitaristen David Gilmour og tidlegare medlem Roger Waters dei siste 25 åra. Tidleg i 1980-åra vart han kjend som frontmann i bandet Industry. Bandet fekk eit gjennombrot med singelen «State of the Nation» i 1983 og følgde opp med eit suksessrikt album, Stranger to Stranger. Kort tid etter vart banda oppløyst og Carin vart ein del av bandet til Roxy Music-vokalist Brian Ferry, og det var via Ferry at han trefte Gilmour. Han har medverka på alle album og framferder til Pink Floyd sidan 1987, og var medkomponist på singelen «Learning to Fly» På 2000-talet har han jobba mykje med solokarrierane til gitaristen til bandet David Gilmour og bassist Roger Waters. Seinare har han jobba blant anna med The Who, Pete Townshend, Seal, Elvis Costello, The Chieftains, Spinal Tap, og Richard Butler. I tillegg til å vere musikar er Carin òg låtskrivar og plateprodusent.
Jon Carin er rangert på 38. plass på lista til Digital Dreamdoor over dei 100 beste rockekeyboardistane gjennom tidene.[1]
Utvald diskografi
Industry
Pink Floyd
Roger Waters
David Gilmour
The Who
Pete Townshend
Richard Butler
Trashmonk
Dream Academy
Martha Wainwright
Bryan Ferry
Soul Asylum
The Psychedelic Furs
Gipsy Kings
David Broza
- Night Dawn, The Unpublished Poetry of Townes Van Zandt
Taylor Barton
Fields of the Nephilim
Kashmir
Kjelder