Hello (I Love You)

Hello (I Love You)
Singel av Roger Waters
A-side

Hello (I Love You)

B-side

Hello (I Love You)
(radio edit)

Sjanger progressiv rock
Selskap Silva Screen Records
Komponist Howard Shore
Låtskrivar(ar) Roger Waters og Howard Shore
Produsent Roger Waters og James Guthrie
Roger Waters-kronologi 
To Kill the Child / Leaving Beirut
(2004)
Hello (I Love You)


«Hello (I Love You)» er ein song av det tidlegare Pink Floyd-medlemmet Roger Waters. Songen vart laga i lag med Howard Shore for filmen The Last Mimzy i 2007. Som Waters sa. «Eg trur me kom fram til ein song som fangar temaet i filmen - konflikten mellom dei verste og beste instinkta i mennesket, og korleis uskulda til eit barn kan vinne dagen.»[1] Musikkvidoen til songen inneheld klipp frå filmen samt innspelinga av songen med Waters, Shore, produsent James Guthrie og skodespelarinne Rhiannon Leigh Wryn. Waters syng vokal og spelar bass på songen.

Songen inneheld referansar til Pink Floyd-albuma The Wall og The Dark Side of the Moon, samt soloalbumet Radio KAOS.

Kjelder

  1. PR Inside. «"Hello (I Love you)" article». Henta 8. mars 2011.