Howard ShoreHoward Leslie Shore (fødd 18. oktober 1946) er ein kanadisk filmmusikkomponist. Howard Shore voks opp i Toronto. Han reiste til Sambandsstatane for å studera musikk ved Berkeley College of Music i Boston, og spelte nokre år i rockebandet Lighthouse. På syttitalet skreiv han musikk for showet til ein kanadisk magikar, samt for fjernsynsprogram, m.a. Saturday Night Live. Den fyrste filmen Shore skreiv musikken til, kom ut i 1979, og sidan arbeidde Shore seg oppover. Han skreiv m.a. musikken til The Fly, filmen Big og Nattsvermeren. Det er likevel filmatiseringa av Ringenes Herre av Peter Jackson Shore har vorte mest kjend for. Han komponerte storslagne soundtrack til alle tre filmane, og vann både Oscar-prisen, Grammy-prisen, Golden Globe-prisen og BAFTA-prisen for arbeidet sitt. Soundtracket består av eit vidt spenn av ulike instrument, og inkluderte også artistar som Enya, Annie Lennox og Emiliana Torrini. Howard Shore har kanskje vorte nytta i endå større grad som filmmusikar i tida etter Ringenes Herre. Han er også sett opp som komponist til dei to filmane om Hobbiten, som skal koma ut i 2012 og 2013. Filmmusikk komponert av Howard Shore
Kjelder
Information related to Howard Shore |