athletics at the 1960 Summer Olympics – women's javelin throw, athletics at the 1956 Summer Olympics – women's javelin throw, Friidrett under Sommer-OL 1952 – Spydkast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 1948 – Spydkast kvinner
Utmerkingar
Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje, æresborger av Praha, honorary citizen of Kopřivnice, honorary citizen of Uherské Hradiště, Æresborgerskap i byen Lázně Toušeň, Silver Olympic Order, æresborgerskap
Dana Zátopková (19. september1922–13. mars2020), opphavleg Dana Ingrová, var ein tsjekkisk spydkastar frå Karviná-Fryštát som tevla for Tsjekkoslovakia. Ho vart olympisk meister i spydkast i 1952 og europameister både i 1954 og 1958. Zátopková sin personlege rekord i spydkasting er på 56,67 m.
Aktiv
Ingrová vart nummer sju i spydkastøvinga i London-OL 1948. Same hausten gifta ho seg med langdistanseløparen Emil Zátopek. Etter å ha vorte nummer fem ved EM 1950 vann Zátopková gullmedaljen i spydkasttevlinga under Sommar-OL 1952 i Helsinki. Med eit kast på 50,47 meter kopierte ho ektemaken Emil Zátopek som ein time i førevegen hadde vunne 5 000-meteren. To år etter Helsinki-OL vann ho nok ein gullmedalje i spydkast då friidretts-EM 1954 fann stad i Bern.
Den 1. juli 1958 forbetra Zátopková i Praha verdsrekorden med eit kast på 55,73 meter, 25 centimeter over den gamle rekorden. Vel sju veker seinare forbetra polske Anna Pazera verdsrekorden til 57,40 m. I august månad var likevel Zátopková i ei klasse for seg med sine 56,02 m då ho forsvarte EM-tittelen på Stockholm stadion. Ho avslutta medaljehaustinga med ein sølvmedalje under sommarleikane 1960 i Roma, slått med over to meter av Elvīra Ozoliņa frå Sovjetunionen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap