Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1960 i Roma vart avvikla i tida 31. august til 10. september 1960. Det vart tevla i 34 øvingar, 24 for menn og 10 for kvinner. 1017 utøvarar frå 73 land deltok i tevlingane.
Den tidlegare polio-råka Wilma Rudolph frå USA vart forgrunnfigur mellom friidrettsutøvarane. Ho vann gullmedaljar både 100 meter, 200 m og i stafetten. Otis Davis frå USA og tyske Carl Kaufmann forbetra verdsrekorden på 400 meter med tre tidels sekund til 44,9. Herb Elliott frå Australia imponerte stort då han forbetra sin eigen verdsrekord på 1500 meter til 3.35,6 og sprang i mål i einsam majestet. Dei mannlege stafettlaga til høvesvis Tyskland på den korte stafetten og USA på den lange stafetten sette begge verdsrekord i sine respektive øvingar. Tyskland fekk notert 39,5 sekundar, USA 3.02,2. Berrføtte Abebe Bikila frå Etiopia sprang fortare på maraton-distansen enn nokon før han hadde gjort. Ljudmila Sjevtsova frå Sovjetunionen var den einaste kvinna som pynta på ein verdsrekord, då ho vann 800 meter på tida 2.04,3.