Friidrett under Sommar-OL 1980

Dei olympiske ringane
Leninstadion under OL-opninga 1980

Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1980 i Moskva vart avvikla i tida 24. juli til 1. august 1980. Det vart tevla i 38 øvingar, 24 for menn og 14 for kvinner. 50 kilometer kappgang var tilbake på OL-programmet i høve til sommarleikane 1976, dermed var friidrettsøvingane dei same som under Sommar-OL 1972 i München.

959 utøvarar frå 70 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på Leninstadion, eit anlegg som den gongen tok mot 103 000 tilskodarar.

Desse ni OL-dagane vart det sett seks nye verdsrekordar, tre for kvinner og tre for menn. Fyrste dagen på friidrettsbana oppnådde arrangørlandets Nadezjda Tkatsjenko 5 083 poeng. Tre dagar seinare forbetra namnesystera Nadezjda Olizarenko, også ho frå arrangørlandet, verdsrekorden på 800 meter til 1.53,43. Den 30. juli vann polske Władysław Kozakiewicz stavhopptevlinga og forlenga deretter lista lagt på verdsrekordhøgda 5,78 m, og svinga seg over. Dagen etter slengde Sovjetunionens eigen Jurij Sedykh sleggja 81,80 meter. Avslutningsdagen sette austtyskaren Gerd Wessig verdsrekord i høgdehopp med 2,36 m, og fire av landskvinnene hans verdsrekord på 4 x 100 meter stafett; tid 41,60 sekundar.

Ingen norske deltok då Norges Idrettsforbund valde å boikotte leikane.


Menn

100 meter

Plass Utøvar Land Tid
Gull Allan Wells  Storbritannia 10,25
Sølv Silvio Leonard  Cuba 10,25
Bronse Petar Petrov  Bulgaria 10,39
4 Aleksandr Aksinin  Sovjetunionen 10,42
5 Osvaldo Lara  Cuba 10,43
6 Vladimir Muravjov  Sovjetunionen 10,44

Finale 25. juli

200 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Pietro Mennea  Italia 20,19
Sølv Allan Wells  Storbritannia 20,21
Bronse Don Quarrie  Jamaica 20,29
4 Silvio Leonard  Cuba 20,30
5 Bernhard Hoff  Aust-Tyskland 20,50
6 Leszek Dunecki  Polen 20,68

Finale 28. juli

400 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Viktor Markin  Sovjetunionen 44,60
Sølv Rick Mitchell  Australia 44,84
Bronse Frank Schaffer  Aust-Tyskland 44,87
4 Alberto Juantorena  Cuba 45,09
5 Alfons Brijdenbach  Belgia 45,10
6 Mike Solomon  Trinidad og Tobago 45,55
7 David Jenkins  Storbritannia 45,56

Finale 30. juli

800 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Steve Ovett  Storbritannia 1.45,40
Sølv Sebastian Coe  Storbritannia 1.45,85
Bronse Nikolaj Kirov  Sovjetunionen 1.45,94
4 Agberto Guimarães  Brasil 1.46,20
5 Andreas Busse  Aust-Tyskland 1.46,81
6 Detlef Wagenknecht  Aust-Tyskland 1.46,91

Finale 26. juli

1500 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Sebastian Coe  Storbritannia 3.38,40
Sølv Jürgen Straub  Aust-Tyskland 3.38,80
Bronse Steve Ovett  Storbritannia 3.38,99
4 Andreas Busse  Aust-Tyskland 3.40,17
5 Vittorio Fontanella  Italia 3.40,37
6 Jozef Plachý  Tsjekkoslovakia 3.40,66

Finale 1. august

5000 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Miruts Yifter  Etiopia 13.20,91
Sølv Suleiman Nyambui  Tanzania 13.21,60
Bronse Kaarlo Maaninka  Finland 13.22,00
4 Eamonn Coghlan  Irland 13.22,74
5 Markus Ryffel  Sveits 13.23,03
6 Dietmar Millonig  Austerrike 13.23,25

Finale 1. august

10 000 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Miruts Yifter  Etiopia 27.42,69
Sølv Kaarlo Maaninka  Finland 27.44,28
Bronse Mohamed Kedir  Etiopia 27.44,64
4 Tolossa Kotu  Etiopia 27.46,47
5 Lasse Virén  Finland 27.50,46
6 Jörg Peter  Aust-Tyskland 28.05,53

Finale 27. juli

Maraton

Plass Utøvar Land Tid
Gull Waldemar Cierpinski  Aust-Tyskland 2.11.03
Sølv Gerard Nijboer  Nederland 2.11.20
Bronse Satymkul Dsjumanasarov  Sovjetunionen 2.11.35
4 Vladimir Kotov  Sovjetunionen 2.12.05
5 Leonid Mosejev  Sovjetunionen 2.12.14
6 Rodolfo Gómez  Mexico 2.12.39

1. august

110 meter hekk

Plass Utøvar Land Tid
Gull Thomas Munkelt  Aust-Tyskland 13,39
Sølv Alejandro Casañas  Cuba 13,40
Bronse Aleksander Putsjkov  Sovjetunionen 13,44
4 Andrej Prokofjev  Sovjetunionen 13,49
5 Jan Pusty  Polen 13,68
6 Arto Bryggare  Finland 13,76

Finale 27. juli

400 m hekk

Plass Utøvar Land Tid
Gull Volker Beck  Aust-Tyskland 48,70
Sølv Vasily Arkhipenko  Sovjetunionen 48,86
Bronse Gary Oakes  Storbritannia 49,11
4 Nikolaj Vassiljev  Sovjetunionen 49,34
5 Rok Kopitar  Jugoslavia 49,67
6 Horia Toboc  Romania 49,84

Finale 26. juli

3 000 m hinder

Plass Utøvar Land Tid
Gull Bronisław Malinowski  Polen 8.09,70
Sølv Filbert Bayi  Tanzania 8.12,48
Bronse Eshetu Tura  Etiopia 8.13,57
4 Domingo Ramón  Spania 8.15,74
5 Francisco Sánchez  Spania 8.17,93
6 Giuseppe Gerbi  Italia 8.18,47
7 Bogusław Mamiński  Polen 8.19,43

Finale 31. juli

4 × 100 meter stafett

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  Sovjetunionen Vladimir Muravjov
Nikolaj Sidorov
Aleksandr Aksinin
Andrej Prokofjev
38,26
Sølv  Polen Krzysztof Zwoliński
Zenon Licznerski
Leszek Dunecki
Marian Woronin
38,33
Bronse  Frankrike Antoine Richard
Pascal Barré
Patrick Barré
Hermann Panzo
38,53
4  Storbritannia Mike McFarlane
Allan Wells
Cameron Sharp
Drew McMaster
38,62
5  Aust-Tyskland Sören Schlegel
Eugen Ray
Bernhard Hoff
Thomas Munkelt
38,73
6  Bulgaria Pavel Pavlov
Vladimir Ivanov
Ivajlo Karanjotov
Petar Petrov
38,99

Finale 1. august

4 × 400 m stafett

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  Sovjetunionen Remigijus Valiulis
Mikhail Linge
Nikolaj Tsjernetskik
Viktor Markin
3.01,08
Sølv  Aust-Tyskland Klaus Thiele
Andreas Knebel
Frank Schaffer
Volker Beck
3.01,26
Bronse  Italia Stefano Malinverni
Mauro Zuliani
Roberto Tozzi
Pietro Mennea
3.04,3
4  Frankrike Jacques Fellice
Robert Froissart
Didier Dubois
Francis Demarthon
3.04,8
5  Brasil Paulo Correia
Antônio Ferreira
Agberto Guimarães
Geraldo Pegado
3.05,9
6  Trinidad og Tobago Joseph Coombs
Charles Joseph
Rafee Mohammed
Mike Solomon
3.06,6

Finale 1. august

20 km kappgang

Plass Utøvar Land Tid
Gull Maurizio Damilano  Italia 1.23.35,5 OR
Sølv Pjotr Potsjintsjuk  Sovjetunionen 1.24.45,4
Bronse Roland Wieser  Aust-Tyskland 1.25.58,2
4 Jevgenij Jevsjukov  Sovjetunionen 1.26.28,3
5 Josep Marín  Spania 1.26.45,6
6 Raúl González  Mexico 1:27:48,6

24. juli

50 km kappgang

Plass Utøvar Land Tid
Gull Hartwig Gauder  Aust-Tyskland 3.49.24 OR
Sølv Jorge Llopart  Spania 3.51.25
Bronse Jevgenij Ivtsjenko  Sovjetunionen 3.56.32
4 Bengt Simonsen  Sverige 3.57.08
5 Vjatseslav Fursov  Sovjetunionen 3.58.32
6 Josep Marín  Spania 4.03.08

30. juli

Høgdehopp

Plass Utøvar Land Høgde
Gull Gerd Wessig  Aust-Tyskland 2,36 VR
Sølv Jacek Wszoła  Polen 2,31
Bronse Jörg Freimuth  Aust-Tyskland 2,31
4 Henry Lauterbach  Aust-Tyskland 2,29
5 Roland Dalhäuser  Sveits 2,24
6 Vaso Komnenić  Jugoslavia 2,24

Finale 1. august

Stavhopp

Plass Utøvar Land Høgde
Gull Władysław Kozakiewicz  Polen 5,78 VR
Sølv Konstantin Volkov  Sovjetunionen
Tadeusz Ślusarski  Polen 5,65
4 Philippe Houvion  Frankrike 5,65
5 Jean-Michel Bellot  Frankrike 5,60
6 Mariusz Klimczyk  Polen 5,55
7 Thierry Vigneron  Frankrike 5,45

Finale 30. juli

Lengdehopp

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Lutz Dombrowski  Aust-Tyskland 8,54
Sølv Frank Paschek  Aust-Tyskland 8,21
Bronse Valerij Podluzjnyj  Sovjetunionen 8,18
4 László Szalma  Ungarn 8,13
5 Stanisław Jaskułka  Polen 8,13
6 Viktor Belskij  Sovjetunionen 8,10

Finale 28. juli

Tresteghopp

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Jaak Uudmäe  Sovjetunionen 17,35
Sølv Viktor Sanejev  Sovjetunionen 17,24
Bronse João Carlos de Oliveira  Brasil 17,22
4 Keith Connor  Storbritannia 16,87
5 Ian Campbell  Australia 16,72
6 Atanas Tsjotsjev  Bulgaria 16,56

Finale 25. juli

Kulestøyt

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Vladimir Kiseljov  Sovjetunionen 21,35 OR
Sølv Aleksandr Barysjnikov  Sovjetunionen 21,08
Bronse Udo Beyer  Aust-Tyskland 21,06
4 Reijo Ståhlberg  Finland 20,82
5 Geoff Capes  Storbritannia 20,50
6 Hans-Jürgen Jacobi  Aust-Tyskland 20,32

Finale 30. juli

Diskoskast

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Viktor Rasjtsjupkin  Sovjetunionen 66,64
Sølv Imrich Bugár  Tsjekkoslovakia 66,38
Bronse Luis Delís  Cuba 66,32
4 Wolfgang Schmidt  Aust-Tyskland 65,64
5 Jurij Dumtsjev  Sovjetunionen 65,58
6 Igor Duginjez  Sovjetunionen 64,04

Finale 28. juli

Sleggjekast

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Jurij Sedykh  Sovjetunionen 81,80 VR
Sølv Sergej Litvinov  Sovjetunionen 80,64
Bronse Jüri Tamm  Sovjetunionen 78,96
4 Roland Steuk  Aust-Tyskland 77,54
5 Detlef Gerstenberg  Aust-Tyskland 74,60
6 Emanuil Djulgerov  Bulgaria 74,04

Finale 31. juli

Spydkast

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Dainis Kūla  Sovjetunionen 91,20
Sølv Aleksandr Makarov  Sovjetunionen 89,64
Bronse Wolfgang Hanisch  Aust-Tyskland 86,72
4 Heino Puuste  Sovjetunionen 86,10
5 Antero Puranen  Finland 85,12
6 Pentti Sinersaari  Finland 84,34

Finale 27. juli

Tikamp

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Daley Thompson  Storbritannia 8 495
Sølv Jurij Kuzenko  Sovjetunionen 8 331
Bronse Sergej Sjelanov  Sovjetunionen 8 135
4 Georg Werthner  Austerrike 8 050
5 Sepp Zeilbauer  Austerrike 8 007
6 Dariusz Ludwig  Polen 7 978

25./26. juli

Kvinner

100 meter

Plass Utøvar Land Tid
Gull Ljudmila Kondratjeva  Sovjetunionen 11,06
Sølv Marlies Göhr  Aust-Tyskland 11,07
Bronse Ingrid Auerswald  Aust-Tyskland 11,14
4 Linda Haglund  Sverige 11,16
5 Romy Müller  Aust-Tyskland 11,16
6 Kathy Smallwood  Storbritannia 11,28

Finale 26. juli

200 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Bärbel Wöckel  Aust-Tyskland 22,03 OR
Sølv Natalja Botsjina  Sovjetunionen 22,19
Bronse Merlene Ottey  Jamaica 22,20
4 Romy Müller  Aust-Tyskland 22,47
5 Kathy Smallwood  Storbritannia 22,61
6 Beverley Goddard  Storbritannia 22,72

Finale 30. juli

400 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Marita Koch  Aust-Tyskland 48,88 OR
Sølv Jarmila Kratochvílová  Tsjekkoslovakia 49,46
Bronse Christina Lathan  Aust-Tyskland 49,66
4 Irina Nasarova  Sovjetunionen 50,07
5 Nina Sjuskova  Sovjetunionen 50,17
6 Gabriele Löwe  Aust-Tyskland 51,33

Finale 28. juli

800 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Nadezjda Olizarenko  Sovjetunionen 1.53,43 VR
Sølv Olga Minejeva  Sovjetunionen 1.54,81
Bronse Tatjana Providokhina  Sovjetunionen 1.55,46
4 Martina Kämpfert  Aust-Tyskland 1.56,21
5 Hildegard Ullrich  Aust-Tyskland 1.57,20
6 Jolanta Januchta  Polen 1.58,25

Finale 27. juli

1500 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Tatjana Kazankina  Sovjetunionen 3.56,56 OR
Sølv Christiane Wartenberg  Aust-Tyskland 3.57,71
Bronse Nadezjda Olizarenko  Sovjetunionen 3.59,52
4 Gabriella Dorio  Italia 4.00,30
5 Ulrike Bruns  Aust-Tyskland 4.00,62
6 Ljubov Smolka  Sovjetunionen 4.01,25
7 Maricica Puică  Romania 4.01,26

Finale 1. august

100 meter hekk

Plass Utøvar Land Tid
Gull Vera Komisova  Sovjetunionen 12,56 OR
Sølv Johanna Klier  Aust-Tyskland 12,63
Bronse Lucyna Langer  Polen 12,65
4 Kerstin Claus  Aust-Tyskland 12,66
5 Grażyna Rabsztyn  Polen 12,74
6 Irina Litovtsjenko  Sovjetunionen 12,84
7 Bettine Gärtz  Aust-Tyskland 12,93

Finale 28. juli

4 × 100 meter stafett

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  Aust-Tyskland Romy Müller
Bärbel Wöckel
Ingrid Auerswald
Marlies Göhr
41,60 VR
Sølv  Sovjetunionen Vera Komisova
Ljudmila Maslakova
Vera Anisimova
Natalja Botsjina
42,10
Bronse  Storbritannia Heather Hunte
Kathy Smallwood
Beverley Goddard
Sonia Lannaman
42,43
4  Bulgaria Sofka Popova
Liliana Panajotova
Marija Sjisjkova
Galina Penkova
42,67
5  Frankrike Véronique Grandrieux
Chantal Réga
Raymonde Naigre
Emma Sulter
42,84
6  Jamaica Leleith Hodges
Jacqueline Pusey
Rosie Allwood
Merlene Ottey
43,19

Finale 1. august

4 × 400 m stafett

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  Sovjetunionen Tatjana Prorotsjenko
Tatjana Goisjtsjik
Nina Sjuskova
Irina Nazarova
3.20,12
Sølv  Aust-Tyskland Gabriele Löwe
Barbara Krug
Christina Lathan
Marita Koch
3.20,35
Bronse  Storbritannia Linsey Macdonald
Michelle Probert
Joslyn Hoyte-Smith
Donna Hartley
3.27,5
4  Romania Ibolya Korodi
Niculina Lazarciuc
Maria Samungi
Elena Tarita
3.27,74
5  Ungarn Irén Orosz
Judit Forgács
Éva Tóth
Ilona Pál
3.27,86
6  Polen Grażyna Oliszewska
Elżbieta Katolik
Jolanta Januchta
Małgorzata Dunecka
3.27,9

Finale 1. august

Høgdehopp

Plass Utøvar Land Høgde
Gull Sara Simeoni  Italia 1,97 OR
Sølv Urszula Kielan  Polen 1,94
Bronse Jutta Kirst  Aust-Tyskland 1,94
4 Rosemarie Ackermann  Aust-Tyskland 1,91
5 Marina Sysojeva  Sovjetunionen 1,91
6 Christine Stanton  Australia 1,91
Andrea Reichstein  Aust-Tyskland 1,91

Finale 26. juli

Lengdehopp

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Tatjana Kolpakova  Sovjetunionen 7,06 OR
Sølv Brigitte Wujak  Aust-Tyskland 7,04
Bronse Tatjana Skatsjko  Sovjetunionen 7,01
4 Anna Włodarczyk  Polen 6,95
5 Sigrun Siegl  Aust-Tyskland 6,87
6 Jarmila Nygrýnová  Tsjekkoslovakia 6,83

Finale 31. juli

Kulestøyt

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Ilona Slupianek  Aust-Tyskland 22,41 OR
Sølv Svetlana Kratsjevskaja  Sovjetunionen 21,42
Bronse Margitta Pufe  Aust-Tyskland 21,20
4 Nunu Abasjidse  Sovjetunionen 21,15
5 Versjinija Veselinova  Bulgaria 20,72
6 Elena Stojanova  Bulgaria 20,22

Finale 24. juli

Diskoskast

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Evelin Jahl  Aust-Tyskland 69,96 OR
Sølv Marija Vergova-Petkova  Bulgaria 67,90
Bronse Tatjana Lesovaja  Sovjetunionen 67,40
4 Gisela Beyer  Aust-Tyskland 67,08
5 Margitta Pufe  Aust-Tyskland 66,12
6 Florența Tacu  Romania 64,38

Finale 1. august

Spydkast

Plass Utøvar Land Lengde
Gull María Caridad Colón  Cuba 68,40
Sølv Zaida Gunba  Sovjetunionen 67,76
Bronse Ute Hommola  Aust-Tyskland 66,56
4 Ute Richter  Aust-Tyskland 66,54
5 Ivanka Vantsjeva  Bulgaria 65,38
6 Tatjana Birjulina  Sovjetunionen 65,08

Finale 25. juli

Femkamp

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Nadezjda Tkatsjenko  Sovjetunionen 5 083 VR
Sølv Olga Rukavisjnikova  Sovjetunionen 4 937
Bronse Olga Kuragina  Sovjetunionen 4 875
4 Ramona Neubert  Aust-Tyskland 4 698
5 Margit Papp  Ungarn 4 562
6 Burglinde Pollak  Aust-Tyskland 4 553

24. juli

Kjelder