Bettine Jahn
|
|
Statsborgarskap |
Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
|
Fødd |
3. august 1958 (66 år) Magdeburg
|
Idrett |
friidrett
|
Tok del i
|
athletics at the 1980 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles
|
Utmerkingar
|
Fedrelandets fortjenstorden i gull
|
Bettine Jahn, fødd Gärtz, (fødd 3. august 1958) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Magdeburg som representerte Aust-Tyskland. Ho vart i 1983 verdsmeister på 100 meter hekk.
Aktiv
Som Bettine Gärtz deltok ho i dei olympiske sommarleikane 1980 i Moskva der ho vart nummer sju på korthekken. To år seinare kom ho på fjerdeplassen i europameisterskapen i Aten, eitt hundredels sekund bak landskvinna Kerstin Knabe på bronseplass.
Den 8. juni 1983 sette Jahn i Berlin austtysk rekord på 100 m hekk med eit løp på 12,42 sekundar, ei tid som 35 år seinare er gjeldande tysk rekord i øvinga. To månader seinare vann ho gullmedaljen på 100 meter hekk, i 2,4 sekundmeter medvind fekk ho notert ei vinnartid på 12,35 sekundar.
Etter som Aust-Tyskland boikotta Sommar-OL 1984, deltok ikkje Jahn i Los Angeles. Etter å ha vorte mor i 1985 prøvde ho fåfengt å nå sitt tidlegare nivå og ho la opp i 1988.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Kjelder