Friidrettsøvingane under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro vart avvikla i tida 12. til 21. august 2016. Det vart tevla i 47 øvingar, 24 for menn og 23 for kvinner, nett som førre sommar-OL i London. Alle dei 42 baneøvingane fann stad på olympiastadion, medan dei fem gatetevlingane; tre i kappgang og to i maraton, starta og enda i høvesvis bydelen Recreio dos Bandeirantes og arenaen Sambadrome.
Tre verdsrekordar såg dagens lys i leikane. På 10 000 meter forbetra Almaz Ayana frå Etiopia den 22 år gamle verdsrekorden med 14 sekundar til 29.17,4. To dagar seinare flytta Wayde van Niekerk frå Sør-Afrika ein 17 år 400-meterrekord med 0,15 sekund til 43,03 sekundar. Vidare forbetra polske Anita Włodarczyk sin eigen verdrekord med over ein meter til 82,29 meter. Usain Bolt stod for ein historisk prestasjon då han for tredje gong vann både 100 m og 200 meter, og saman med tre landsmennen vann også 4 x 100 m stafett for tredje gong. Dermed hadde Bolt sikra seg ni OL-gull på friidrettbana.
Langdistanseløparen Karoline Grøvdal og kappgjengaren Håvard Haukenes fekk dei beste plasseringane av dei norske utøvarane. Dei vart begge nummer sju, i høvesvis 5000 meter og 50 km.