Friidrettsøvingane under Sommar-OL 2000 i Sydney vart avvikla i tida 22. september til 1. oktober 2000. Det vart tevla i 46 øvingar, 24 for menn og 22 for kvinner. 2 134 utøvarar frå 193 land deltok i tevlingane. Alle tevlingane fann stad på eller frå olympiastadion (Olympic Stadium) der det var plass til nær 110 000 tilskodarar.
Ingen verdsrekordar kom til i desse leikane. Seks av dei olympiske rekordane vart forbetra, mellom dei Trine Hattestad sin spydrekord for kvinner på 68,91 meter.
Marion Jones frå USA vann tre gullmedaljar og to bronsemedaljar. I desember 2007 vedtok Den internasjonale olympiske komiteen å annullere alle hennar prestasjonar, etter som Jones hadde vedgått å ha brukt dopingmidlar i forkant av leikane.
Piotr Rysiukiewicz Robert Maćkowiak Piotr Długosielski Piotr Haczek
3.03,22
Dato: 30. september 2000
USA, som opphavleg vann gullmedaljen, fekk i 2008 annullert prestasjonen ettersom ein av deltakarane på stafettlaget, Antonio Pettigrew, hadde vedgått doping.