Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1964 i Tokyo vart avvikla i tida 14. til 21. oktober 1964. Det vart tevla i 36 øvingar, 24 for menn og 12 for kvinner. 400 meter for kvinner og femkamp, også for kvinner, stod på OL-programmet for fyrste gong. 1016 utøvarar frå 82 land deltok i tevlingane.
Olympiastadion i Tokyo hadde åtte løpebanar, og for fyrste gong deltok åtte utøvarar i finalane på dei kortare distansane. Derimot heldt ein fram med at einast seks utøvarar fekk delta i dei tre siste finaleomgangane i kastøvingane og lengdehopp og i tresteghopp.
USA sine firemannslag sette verdsrekord både på den korte og den lange stafetten. Kappgjengaren Abdon Pamich frå Italia forbetra verdsrekorden på 50 km og etiopiasAbebe Bikila sprang fortare på maraton-distansen enn nokon før han. Mary Rand og Ann Packer, begge frå Storbritannia, sette kvar sin verdsrekord på høvesvis 800 meter og i lengdehopp. Irina Press, som representerte Sovjetunionen, forbetra verdsrekorden i femkamp. Bob Hayes frå USA tangerte verdsrekorden då han vann 100 meter.