Kipchoge Hezekiah Keino (fødd 17. januar 1940) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Nandi-fylket i det vestlege Kenya.
Keino var mellom dei aller fyrste kenyanske mellom- og langdistanseløparane som markerte seg i verdstoppen. Han vart olympisk meister på 1500 meter under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen, og tok sølvmedaljen på 5000 meter. Fire år seinare vart han olympisk meister på 3000 meter hinder i München, og fekk sølv på 1500 m.
Kjelder