Views from a Red Train
Views from a Red Train er det 104. albumet totalt og det 41. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2008.[1] Dette albumet var opphavleg tenkt som eit soloalbum for Edgar Froese sommaren 2007, men kom til slutt ut som eit Tangerine Dream-album. Alle komposisjonane er komponerte av Froese, men han hadde med seg eitt eller to medlem frå bandet på kvart av spora.[1] Fleire av spora var blitt framført på konsertar av Tangerine Dream før albumet kom ut, og då innhaldet på albumet vart publisert tidleg i 2008 sakna Tangerine Dreams-fansen eit spor kalla «Carmel Calif». Etter ynskje frå fansen valde Tangerine Dream å omarrangere heile sporlista og leggje til dette sporet, som opna albumet.[1] I mars 2009 kom albumet ut på ny med eit anna plateomslag. I tillegg kom albumet ut på dobbel vinyl sommaren 2009 i lag med platene Summer in Nagasaki og Autumn in Hiroshima. Innhald
Medverkande
Kjelder
|