Edgar Wilmar Froese (6. juni1944–20. januar2015) var ein tysk kunstnar og pioner innan elektronisk musikk, mest kjend for å ha starta gruppa Tangerine Dream. Solo- og gruppeinnspelingane hans før 2003 har på namnet «Edgar Froese», men på soloalbuma hans frå 2003 og frametter er han omtalt som Edgar W. Froese.
Froese vart fødd i Tilsit (Sovetsk) i Aust-Preussen under andre verdskrigen. Han tok pianotimar frå han var 12 år gammal, og starta å spele gitar som femtenåring.[1] Etter å tidleg ha vist interesse for kunst, gjekk Froese på Kunstakademiet i Vest-Berlin for å studere måling og bilethogging. I 1965 starta han bandet The Ones, som spelte rock og R&B. Då dei spelte i Spania, vart dei inviterte til å spele heime hos Salvador Dalí i Cadaqués. Dette møtet vart særs viktig for Froese og det inspirerte han til å eksperimentere meir i musikken. The Ones vart oppløyst i 1967 og gav berre ut ein singel, («Lady Greengrass» / «Love of Mine»).
Etter å ha kome attende til Berlin, byrja Froese å finne musikarar for frirock-bandet som skulle verte Tangerine Dream.
Solodiskografi
Aqua (1974) gjeve ut i to versjonar med forskjellig sporliste, begge i 1974.
Epsilon in Malaysian Pale (1975) òg gjeve ut som Ypsilon in Malaysian Pale