Light Flux er det 152. albumet totalt og det 65. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i september 2017.[3]
Albumet kom ut i samband med sjølvbiografien til Edgar Froese. Det var to variantar av plata: ein fullversjon med seks spor, og ein EP med berre tre av dei seks spora.[3]
EP-versjonen er den tiande plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.[3]
Fullversjonen av plata vart gjeven bort gratis til dei 500 første som førehandstinga boka.[3]