Goblins' Club
Goblins' Club er det 54. albumet og det 24. studioalbumet til Tangerine Dream. Sjølv om det er ein lydmessig motevekt til The Dream Mixes, vert det vanlegvis rekna som det første albumet i Millennium/TDI-perioden, etter at dei byta plateselskap frå Miramar, trass i at TDI ikkje enno var selskapet deira. Ein australsk versjon av albumet mangla sporet «Elf June and the Midnight Patrol», som var skriven i lag med Linda Spa, og denne var erstatta med «Fort Worth Runway One» av Edgar Froese. Ei nyutgjeving i 2004 hadde med begge desse spora, men dei to siste spora var redigert ned for å få plass på ei plate.[1][2] Goblins' Club var det siste albumet med Linda Spa som fast medlem i bandet, før ho kom attende for Jeanne d'Arc (2005). Musikken på albumet var inspirert av den tyske forfattaren Christian Morgenstern. «Towards the Evening Star» vart gjeven ut som singel.[3] Denne vart òg gjeven ut i 1997 i ein remiks laga av The Orb.[4] Innhald
Medverkande
Kjelder
|