Jerome Froese (fødd 24. november1970) er ein tysk musikar. I 1990 vart han offisielt medlem i Tangerine Dream, bandet som faren Edgar Froese starta tjue år tidlegare. Han vart verande medlem i bandet fram til 2006. Froese var avbilda på somme av plateomslaga til bandet opp gjennom åra, som i 1973 på albumet Atem, då han var to år gammal.
I 2000 byrja Froese å gje ut soloplater under namnet TDJ Rome. I 2011 samarbeidde han med Johannes Schmoelling, eit anna tidlegare medlem av Tangerine Dream. I lag skipa dei gruppa Loom, som gav ut nokre EP-ar i lag.