Linda Spa, òg kalla Mag. Gerlinde Spazierer (fødd 4. september1968), er ein austerriksk komponist og saksofonist frå Wien.
Opphavleg studerte ho motedesign i Wien, men vart raskt interessert i musikk. Ho lærte seg å spele fløyte, klarinett, saksofon og komposisjon. I tillegg er Linda Spa dirigent og arrangør.
Spa spelte i mange år i lag med Edgar Froese i det tyske bandet Tangerine Dream som saksofonist, klaverspelar og dirigent.[1] Ho skreiv òg musikk for dette bandet og turnerte stundom med dei i Europa og andre delar av verda fram til 2015.
Linda Spa har blitt nominert til Grammyprisen fem gonger som medlem av Tangerine Dream i 1990-åra.
I 2011 framførte ho songen «Sally's Garden» i lag med Queen-gitaristen Brian May på scenen.