Recurring Dreams er det 67. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i desember 2019.
Bakgrunn
I 2014 ønskte leiaren i Tangerine Dream, Edgar Froese, å dirigere bandet i ei ny musikalsk retning, den såkalla Quantum Years-perioden. Frose døydde derimot i januar 2015, så det vart opp til dei attverande medlemmane å fullføre visjonen til Froese. Dei tre medlemmane spelte inn musikk av Tangerine Dream som var laga og gjeve ut frå den tida dei sjølv ikkje var med i bandet.
Plateomslaget er basert på eit kunstverk laga av Froese, og redigert av enkja hans, Bianca Froese-Acqyuye.