The Man og The Journey er namn på to albumlange musikksuitar framført på konsertar av Pink Floyd i 1969.[1] Dei bestod av tidlegare songar i lag med nye songar som kom ut på Music from the Film More og Ummagumma, samt nokre songar som ikkje vart gjevne ut.[1] Konsertane bestod òg av visuelle element som saging og bygginga av eit bord, og drikking av te på scenen.[1]
Konseptet vart første gong framført 14. april 1969 i Royal Festival Hall på eit show kalla The Massed Gadgets of Auximenes - More Furious Madness from Pink Floyd.[1] Ein forkorta versjon av showet vart innspelt 12. mai 1969 for Top Gear.[1] 17. september vart verket framført i Concertgebouw i Amsterdam, eit show som er mykje piratkopiert fordi det vart sendt på radiostasjonen VPRO.[1] Det vart vurdert å gje ut eit konsertalbum av The Man and the Journey, men dette vart skrinlagd då Ummagumma kom ut.
Bandmedlemmane har sjeldan referert til suitane i seinare intervju. Likevel kan kombinasjonen av kvadrofoniskelydeffektar, abstrakt programmusikk og gjentakande tema alle sporast tilbake til The Man og The Journey. Desse vart vidare utvikla av bandet i den mest kjende musikken hans.
I 2016 vart eit konsertopptak av of The Man and The Journey gjeve ut for første gongen i plateboksen The Early Years 1965-1972, på plata 1969: Dramatis/ation. Denne vart spelt inn i Amsterdam den 17. september 1969. «Teatime»-delen av konserten var ikkje med på plata, då denne berre bestod av at bandet vart servert te på scenen.
«Doing It!» («The Grand Vizier's Garden Party (Entertainment)» [6:12 og framover], frå Ummagumma, eller på somme konsertar vart han erstatta av ein unik kombinasjon av «Up the Khyber» [frå More] og ein tidleg «Heart Beat Pig Meat» [frå Zabriskie Point])
«The Labyrinths of Auximines» (Del av «Interstellar Overdrive», frå The Piper at the Gates of Dawn, eit riff som regel spelt i midten av låten, ikkje hovudriffet)
6:34
6.
«Behold the Temple of Light» (Eit par sekund av dette kan høyrast på Ummagumma like før «The Narrow Way, part 3», lang lengre her)