Stemmerettsalder er den alderen ein skal ha for å kunna få stemmerett i ein viss samanheng. Ein utbreidd alder for allmenn stemmerett i verda i dag er 18 år. Då allmenne stemmerett blei innført var aldergrensa typisk 21 år. Det finst også døme på grenser på 16 år, særleg ved meir lokale val. Ein kan ha lågare stemmerettsalder ved andre val, til dømes har ein stemmerett ved kyrkjeval i Noreg frå det året ein fyller 15.
Nokre land påbyr innbyggjarar av ein viss alder å stemma. Andre har ulik alder ut frå om ein er gift eller ikkje, om ein er i arbeid, eller hindrar tilsette i militæret eller politiet frå å stemma. Berre eitt land har ein maksimumsalder for å stemma: I Vatikanstaten kan berre kardinalar under 80 velja ein ny pave.
Stemmerettsalder i verda
18 er aldersgrensa for å stemma som er vanlegast på verdsbasis, medan ein del land held seg til 21-årsgrense. Land med ei aldergrense på 17 er til dømes Aust-Timor, Indonesia, Nord-Korea, Seychellane og Sudan. 16 års aldersgrense finn ein i Austerrike, Brasil, Cuba, Nicaragua og Isle of Man. Folk i alderen 16–18 kan stemma i Bosnia, Serbia og Montenegro om dei er i arbeid.
Kuwait: 21; menn som ikkje er i militæret og kvinneer (sidan 16. mai 2005); alle røystarar må ha vore statsborgarar i 20 år (foreslått redusert til 18 år)[3]
↑Reform (Guernsey) Law, 1948, s. 28(1); amended by Reform (Guernsey) (Amendment) Law, 2007 (adopted on 31 October 2007, sanctioned on 12 December and registered and coming into force on 19 December).