Politikken i landet har vore prega av til dels valdelege oppgjer. Den 1. juni2001 vart store delar av det nepalesiske kongehuset skotne. Den offisielle versjonen var at kronprinsen myrda familien sin fordi kong Birendra skal ha avvist den kvinna kronprinsen tenkte å gifta seg med. Kronprinsen prøvde å ta sjølvmord, men overlevde så lenge at han kunne utropast til konge i sjukesenga[1]. Svært mange nepalesarar trur ikkje på dette, og meiner at bror til kongen, Gyanendra, stod bak. Etter at kronprinsen døydde vart Gyanendra konge frå 4. juni 2001.
Den myrda kongen Birendra av Nepal hadde vorte tvinga til å innføra eit parlamentariskdemokrati i landet etter ein folkeleg oppreist i 1990. Oppreisten fekk namnet Jana Andolan. I 1996 tok maoistpartiet NKP(m) opp våpen, og frå den tid var det borgarkrig. I 2001 innførte den nye kongen direkte kongemakt og avskaffa demokratiet. Folkelege protestar auka sterkt, og i 2004 vart den avsette statsminister, Sher Bahadur Deuba, innsett igjen. I april2006 vart det våpenkvile mellom maoistane og regjeringa, og i november same år vart det underskrive ein fredsavtale.
Det vart heldt eit demokratisk val i Nepal i april 2008. Etter dette vart landet republikk. Leiaren for maoistane vart statsminister.
Nepal har ingen kyst, og ligg i innlandet i Asia. Terrenget er prega av høgdeskilnadar. I landet er det tre hovudsaklege regionar - slettelandet Terai sør; mindre fjell og haugar; i tillegg til høgfjellsområdet Himalaya, med Mount Everest 8 848 moh og andre høge fjell i nord. Av landet si totale flatevidd er 20 % dyrkbar jord. Erosjon på grunn av rovdrift av skogane er eit aukande miljøproblem.
Klima
Himalaya har alt å seie for klimaet i Nepal. Nepal har fem klimasoner, ut frå høgda over havet og varierer frå subtropisk til alpint. Den sørvestlege monsunvinden vert pressa opp mot dei høge fjella og gjev store mengder regn. I austlege område av landet har ein derimot ein god del torevêr om våren, lenge før monsunen kjem. Midt i monsuntida, frå juni til september, kjem mykje av nedbøren om natta, og ein kan ha litt sol om ettermiddagen før bygene kjem. Katmandu har ein årleg nedbørsnormal på 1427 mm.
Monsunen varer ikkje like lenge ved fjellet K2 som ved Mount Everest, men om vinteren er det K2 som får mest snø sidan fjellet ligg langt nok nord til å kome i kontakt med vêrsystem på midlare breidder. Under dei høgaste toppane er vintervêret vanlegvis klårt med frost om morgenen, og av og til litt tåke.
Økonomi
Nepal er eit av dei fattigaste landa i verda, og kring halvdelen av folkesetnaden kan reknast som fattige. Hovudnæringa er jordbruk med 80 % av arbeidskrafta og 41 % av bruttonasjonalproduktet. 80 % av eksportinntektene kjem frå tekstilar og matter. Utanlandsk hjelp står for 60 % av Nepal sine kostnadar for økonomisk utvikling, og for 28 % av det totale statsbudsjettet.
Språket nepali er eit indoeuropeiskspråk som vert skrive med Devanagari-skrifta, det vanlegaste indiske alfabetet. Nepali vert tala av nærare 60 % av folkesetnaden. I tillegg til nepali reknar ein med 12 andre større språk, og totalt over 100 språk og dialektar.
Den nepalesiske hinduismen, som er statsreligion er oppblanda med buddhisme. Innslaget er av buddhisme er sterkare enn i andre hinduiske område. 89,5 % av folkesetnaden reknar seg som hinduar, medan 5,3% er buddhistar og 2,7 % er muslimar.