Indiske alfabet viser hovudsakleg til ulike skriftsystem utvikla frå brahmiskrift i Sør-Asia til bruk for fleire ulike språk. I vidare tyding kan omgrepet også omfatta skrifttypar av andre opphav. Dei aller fleste kan førast tilbake til arameisk.
Dei eldste indiske alfabeta
Dei eldste indiske innskriftene er opptil fem tusen år gamle, og stammar frå segl frå Induskulturen. Desse er ikkje tyda, og det er ukjend kvar skriftteikna kom frå. Det finst rundt 350 ulike teikn.[1]
Kharoshti er eit skriftsystem som blei utvikla i Nordvest-India frå arameisk skrift brukt i Persia under akemenidane.
Dei eldste døma på kharosthiskrift er frå 300-talet f.Kr. Skrifta blei brukt av keisar Asjoka den store frå 200-talet f.Kr. på asjokaedikt sett opp i Vest-India. Edikt frå Sør-India brukte brahmiskrift, som også er utvikla frå arameisk skrift.
Kharoshti spreidde seg seinare i Sentral-Asia, medan brahmiskrift var opphavet til ei rekkje skriftspråk som ein tok i bruk over heile Sør-Asia og i Søraust-Asia.[2]
Brahmiskrift og avleidde skriftsystem
Brahmiskrift blei først skriven frå høgre mot venstre. Skriveretningen blei seinare snudd. Det blei utvikla ein nordindisk (Gupta-brahmi) og ein sørindisk type (Pallava-brahmi). Den nordlege typen blei etterkvart utvikla til nagari og derfrå til mellom anna devanagari, som i dag blir brukt til å skriva sanskrit og hindi. Den sørlege typen blei utvikla til å skriva dravidiske språk som tamil.[2][3]
Fellestrekk for mange skriftspråk av brahmiopphav er:
Kvar konsonant har ein implisitt vokallyd, som regel kort /a/. Ein kan bruka eit eige teikn for å visa at konsonanten skal uttalast utan vokal.
Kvar vokal har to ulike former, ei for høve der vokalen står åleine og ei mindre form som kan kombinerat med ein konsonant. Den mindre forma kan setjast over, under, til venstre eller til høgre for konsonanten avhengig av reglar i dei ulike skriftsystema.
To eller fleire konsonantar kan kombinerast i ligaturar.
Eigne teikn kan indikerar nasalisering eller aspirering av den tilhøyrande vokalen til ein konsonant.
gurmukhi, som vert mest brukt for å skriva panjabi i India. Sikhismen si heilage skrift, Guru Granth Sahib, som innheld mange ulike språk er også skriven i gurumukhi-skrifta.