Goa[b] er den minste delstaten i India, og ligg sørvest i landet, ved kysten av Indiahavet. Dagens hovudstad er Panaji.
Goa var ein portugisisk koloni i rundt 450 år, fram til det blei hærteke av India i 1961.
Den goanske kulturen er prega av ein samansmelta indisk og portugisisk kultur, mellom anna prega av eit stort tal katolikkar og indisk-europeisk arkitektur.
Goa er eit kjent turistmål som først blei oppsøkt av europeiske hippiar og seinare av pakketuristar.
Namn
I eldre litteratur har Goa fleire namn, mellom anna Gomanchala, Gopakapattana, Gopakapattam, Gopakapuri, Govapuri, Govem, og Gomantak.[2] Andre historiske namn på Goa er Sindapur, Sandabur, og Mahassapatam.[3]