Øya Bioko i Biafrabukta er fjellrik og vulkansk med fruktbar jord. Ein har lenge dyrka kakao i låglandet, medan det er kaffiplantasjar i skråningane opp mot Pico de Santa Isabel, det høgaste fjellet i landet. På den sørlege delen av øya er det kupert terreng og fossefall. På det tynt folkesette fastlandet fører mangrovesumpar langs kysten inn til tette, tropiske regnskogar. Her har internasjonale føretak konsesjon på å ta ut tømmer, særleg treslaga okoumé og mahogni.
I tillegg til Bioko og Annabón er Corisco, Great Elobey og Little Elobey del av landet.[1]
Det er funne kring 835 fugleartar i landet. Av krypdyr finst det mellom anna krokodillar og mange ulike slangar, som pytonslangar. Insekt omfattar mellom anna mange biller, maur, termittar, sommarfuglar, malariamygg og tsetsefluge.[1]
Klima
Både fastlandet og øyane utanfor kysten har eit typisk ekvatorialt klima med høge temperaturar, høg luftfukt, mykje regn og mykje skyer året rundt. På fastlandet får kystsletta i året mellom 2400 og 4600 mm nedbør med to topper i året. Platået er noko tørrare. I Bioko kan ein få over 5000 mm i året. Middeltemperaturen er kring 26 °C og varierer lite gjennom året. Igjennom døgnet kan derimot temperaturen variere mellom 34 og 17 °C.
Historie
Øya Bioko vart oppdaga av kolonimaktene i 1471 av den portugisiske oppdagaren Fernão do Poo. Området var portugisisk koloni til det vart overført til Spania i 1778. Fastlandsdelen av landet vart eit spansk protektorat i 1885 og ein koloni i 1900. Ekvatorial-Guinea vart sjølvstendig i 1968 etter 190 år som den spanske kolonien, Spansk Guinea. President Mbasogo har styrt frå han tok makta i eit kupp i 1979.
Økonomi
Før sjølvstendet var landet avhengig av produksjon av kokos. Store petroleumressurser vart oppdaga 1996. Landet har etter kvart vorte det tredje mest oljeeksporterande landet sør for Sahara. Andre viktige næringsvegar er skogbruk, landbruk og fiskeri.
Folkesetnad
Tre fjerdedelar av innbyggjarane bur på fastlandet. 73,6 prosent av innbyggjarane bur i urbane område (2021). Dei to største byane i landet er Bata på fastlandet og Malabo på Bioko.[1]
Fleirtalet av folket i landet vert utgjort av folk med bakgrunn i bantufolk. Den største stammen, fang, utgjer 80 prosent av folkesetnaden. Desse er dominerande på fastlandet. På øyane finst òg bubifolk og fernandinos, som stammar frå engelsktalande kreolar.[1]
Spansk og fransk er offisielle språk i landet.[1] Ekvatorial-Guinea er det einaste afrikanske landet som har spansk som offisielt språk, og det blir tala av kring 68 prosent av innbyggjarane. Andre språk er bantuspråket fang og bubi. Det blir også tala pidgin-engelsk på Bioko og portugisisk kreol på Annabón. I tillegg bruker ein ibo og fransk i landet.[1]
Den mest utbreidde religionen i Ekvaatorial-Guinea er kristendommen, som 93 % av innbyggjarane følgjer. Katolikkar er den største gruppa (88 %), medan ein minoritet er protestantar (5 %). 2 % av folka følgjer slam, for det meste sunni-islam. Dei gjenverande 5 % praktiserer animisme, bahai og andre livssyn.[3]