Soyabønne (Glycine max) er ein 30—60 cm høg plante av erteblomfamilien med små og tettsittande belger med 2—5 frø i kvar. Soyabønna er ein gammal kulturplante frå Aust-Asia som no blir dyrka i tropiske og subtropiske område over heile verda. Frøa er næringsrike og inneheld om lag 40 % protein og 18 % feitt.
Soyabønner blir brukt som dyrefôr og som næringsmiddel, i form av mjøl, planteolje, mosa og fermentert. Tradisjonelle matrettar laga med soya er mellom anna soyasaus, soyamjølk, tofu og edamame. Nyare produkt er teksturert soyaprotein, som kan brukast som kjøterstatting, og ulike former for mjøl, som kan brukast til baking eller som mjølkeerstatting.
Det blir dyrka rundt 240 millionar tonn soyabønner i verda i dag (2012). Dei største soyaprodusentane i verda er USA og Brasil; deretter følgjer Argentina, Kina og India.[1]
Over 50 prosent av produksjonen bruker genmodifiserte plantar (GMO).