Artane i familien omfattar urtevekstar, buskar, tre og lianar. Dei har oftast finna eller kopla blad med øyreblad (stiplar). Dei har uregelrett blomster med samblada femtagga beger og fem ulike kronblad. Det øvre kronbladet, seglet, er størst, på sidene er venganen, og nedst to samanvaksne blad, kjølen. Blomane har ti mjølberarer og ein griffel. Dei dannar ein skolm, oftast med fleire frø.
Erteblomfamilien er den tredje største plantefamilien som finst i talet på artar. Han omfattar 19 327 arter fordelt på 727 planteslekter.[1] Av dei finst 20 slekter i Noreg. Berre orkidefamilien (Orchidaceae) med 22–25 000 og korgplantefamilien (Asteraceae) med rundt 22 000 har fleire artar.
Ein finn særleg artar frå familien i temperert klima.
Mimosafamilien (Mimosoideae) er ein sannsynleg underfamilie i erteblomfamilien. Han omfatter ca. 3 200 artar fordelt på 60 slekter. Det same gjeld tamarindfamilien (Leguminosae-Caesalpinioideae), ein sannsynleg underfamilie med ca. 400 artar.
Erteblomfamilien, mimosafamilien og tamarindfamilien inngår alternativt i ei større eining eller «overfamilie» som kan kallast Leguminosae. På den internasjonale botaniske kongress i Wien 30. juni 2005 blei det gjort oppryddingar i slektene under mimosafamilien, mellom anna akasieslekta.[2] Undergruppene og artane som inngår i underordenen Leguminosae blir forvalta av ein eigen organisasjon ved Universitetet i Reading i Storbritannia.[3][4]
Under er ei detaljert liste av artane i erteblomfamilien utan mimosafamilien, basert på APG II-systemet og nordisk botanikk.[5]