Animisme (av latinskanima, som tyder sjel) viser til ei religiøs oppfatning om at alle ting i naturen, både levande og ikkje levande har eller kan ha ei sjel. Tru på at det finst ei ånd i kvart tre eller i ein innsjø (til dømes nøkken) er døme på animisme.
Omgrepet blir også brukt som eit samleomgrep for sokalla «primitive», «innfødte» eller «stamme»-religionar.[1]
Etymologi
I Oxford English Dictionary (OED) blir opphavet til termen tilskrive Stahl som i 1720 skreiv om anima mundi, men sjølve ordet vart ikkje teke i bruk før på 1800-talet. I følgje OED i 1832.[2]