Skotsk tradisjonelt felespel omfattar ei rekkje regionale stilar, mellom anna den sekkepipe-påverka vesthøglandsstilen, den optimistiske og livlege stilen frå dei nordisk-påverka Shetlandøyane og strathspey og sakte air-ar frå Nordaust-Skottland. Instrumentet kom til landet seint på 1600-talet, og er nemnt for fyrste gong i 1680 i eit dokument frå Newbattle Abbey i Midlothian, Lessones For Ye Violin.
På 1700-talet skal skotsk felespel ha nådd nye høgder. Spelemenn som William Marshall og Niel Gow var legender over heile Skottland, og dei fyrste samlingane av felemelodiar blei gjevne ut på midten av hundreåret. Den mest kjende og nyttige av desse samlingane var ein serie som blei publisert av Nathaniel Gow, ein av sønene til Niel, som også var ein fin felespelar og komponist.
Scots Fiddle Festival blir halden kvar november, og viser den store feletradisjonen og -talenta i Skottland.
Fløyte
Ei fløyte av keramikk eller bronse med seks fingerhol,[1] kjend som tusculumfløyta, blei funnen i lag med keramikk datert til 1300- og 1400-talet i North Berwick.[2] I dag er blekkfløyte eit vanleg instrument i skotsk folkemusikk. Sjølv om få kjende utøvarar vel fløyta som hovudinstrument, er det ganske vanleg at sekkepipespelarar, fløytistar og andre musikarar spelar fløyta.
Det finst materielle prov som tyder på at lyre og/eller harpe, kjend som clarsach, har ei lang og gammal historie i Storbritannia, med instrument frå jernalderen datert til 2300 f.Kr.[5][6] Harpa var sett på som det nasjonale instrumentet til ho blei erstatta av høglands-sekkepiper på 1400-talet.[7] Steinrissingar i det austlege Skotland støttar teorien om at det fanst harper i det piktiske Skottland lenge før 800-talet. Dei kan ha vore opphavet til den moderne europeiske harpa og til og med ha danna grunnlaget for skotsk pibroch, den folkelege sekkepipetradisjonen.
Fram til slutten av mellomalderen var harpe det mest populære musikkinstrumentet i Skotland, og harpespelarane var blant dei mest prestisjerike kulturfigurane i hoffa til irske/skotske høvdingar og skotske kongar og grevar. I begge land hadde harpespelarane særrettar, og spelte ein viktig rolle ved seremonielle høve som kroningar og skaldeframføringar. Kongane i Skottland hyrte harpespelarar fram til slutten av mellomalderen, og dei er prominente i kongeleg ikonografi.
Speling på den keltiske harpa med metallstrenger døydde ut i Skotland på 1700-talet og i Irland på byrjinga av 1800-talet. Som del av gjenoppvekkinga av gælisk kultur seint på 1800-talet tok ein i bruk harpe att, men desse instrumenta var svært forskjellige frå dei gamle harpene med metallstrengar. Dei nye instrumenta hadde tarmstrengar (seinare nylon), og konstruksjonen og spelestilen bygde på den større orkestrerharpa med pedal. Namnet «clàrsach» blei og blir framleis brukt i Skottland i om desse nye instrumenta, som har tusenvis av spelarar både i Skottland og Irland, Nord-Amerika og andre stader. Nokre nyare harpespelarar er Savourna Stevenson, Maggie MacInnes og duoen Sìleas. Kjende hendingar er den årlege Edinburgh International Harp Festival, som i 2006 sette rekord for den største samlinga av harpistar som spelte samstundes.[8]
Sekkepipe
Sjølv om sekkepipe er særskild assosiert med Skottland av mange utlendingar, er instrumentet (eller meir nøyaktig instrumentfamilien) utbreidd over store delar av Europa, Nord-Afrika og Sør-Asia. Den vanlegaste typen i moderne skotsk musikk er stor skotsk sekkepipe eller Great Highland Bagpipe, som blei spreidd av Highland-regimenta i den britiske hæren. På 1800-talet blei det òg spelt sekkepipe på båtar som segla til krig for å gje mennene håp og ønska dei lykke i den kommande krigen. Historisk sett har det vore mange andre sekkepipetypar i bruk, og mange av dei er blitt gjenoppliva i det siste halve hundreåret.
Skotsk sekkepipe blir brukt både som solo- og ensembleinstrument. Den klassiske musikken til stor skotsk sekkepipe blir kalla pìobaireachd.
Sekkepipetevlingar er vanlege i Skottland, både for solistar og korps. Tevlingar i solospel er i dag populære blant mange lovande sekkepipespelarar, og somme av dei dreg frå så langt borte som Australia for å ta del i skotske kappleikar. Andre sekkepipespelarar har valt å utforska andre kreative måtar å nytta instrumentet på. Sidan 1970-talet har ein gjenoppliva eldre sekkepipetypar, som historiske border pipes og Scottish smallpipes, og desse har trekt til seg ei blømande alternativ sekkepiperørsle.[9] To av dei mest respekterte sekkepipespelarane i Skottland er Gordon Duncan og Fred Morrison.
Trekkspel har vore ein del av skotsk folkemusikk sidan det blei innført på 1800-talet.[10] På byrjinga av 1900-talet var melodeon (ein variasjon av diatonisk knappetrekkspel) populært på landsbygda, som ein del av bothy band-tradisjonen og andre former for folkeleg dansemusikk.[10]Country dance-band, slik som det leidd av den kjende Jimmy Shand, har bidratt til å heva statusen til instrumentet. Seinare har Phil Cunningham (frå Silly Wizard) bidratt til å gjera instrumentet populært innan skotsk musikk.
Trommer
Trommer er ein viktig del av sekkepipekorps, der ein nyttar skarptromme,[11] tenortromme og stortromme.[12] Trommene blir nytta til å utvida klangen til sekkepipene.[12]
Bodhrán er ei opphavleg irsk tromme som har fått ein viktig plass også i skotsk folkemusikk.[13]
Vokal
I tillegg til instrument har vokalmusikk alltid vore viktig i skotsk musikk. Ein særeigen type der stemmen erstattar instrument er puirt à beul, 'munnmusikk'. Ein annan skotsk songtype er tradisjonell gælisk salmesong utan akkompagnement, der ein forsongar syng ei linje og kyrkjelyden følgjer med sine eigne variasjonar. Denne songforma var utbreidd i Storbritannia på 1600-talet, og blei halden ved like på Hebridane til våre dagar.[14]
Historie
Førhistorisk og tidlegmusikk
Strengeinstrument er kjende i Skottland frå jernalderen. Eit utskore trestykke frå øya Skye som er rundt 2300 år gammalt er truleg det eldste dømet på ei lyre utanfor den gresk-romerske verda, og det eldste overlevande strengeinstrumentet i Vest-Europa.[15] Som i andre keltiske område var skaldar viktige formidlarar av dikting og andre tradisjonar,[16] og finst dokumentert frå skotske hoff gjennom heile mellomalderen. Dei nytta ofte harpe til å akkompagnera seg sjølv.[17]
Skotsk kyrkjemusikk frå seinare i mellomalderen blei stadig sterkare påverka av utviklinga i Kontinental-Europa. Musikkteoretikaren Simon Tailler studerte til dømes i Paris på 1200-talet, før han vende tilbake til Skottland og reformerte kyrkjemusikken på fleire område.[18] Skotske musikksamlingar som Wolfenbüttel 677 frå 1200-talet, som er knytt til St Andrews, inneheld for det meste franske komposisjonar, men med nokre særmerkte lokale kjenneteikn.[18] Den engelske fangenskapen til Jakob I frå 1406 til 1423, der han blei velkjend som diktar og komponist, kan ha ført til ein vidare påverknad frå England og Kontinentet.[18] Seint på 1400-talet gjekk ei rekkje skotske musikarar i lære i Nederlanda, til dømes John Broune, Thomas Inglis og John Fety. Sistnemnde blei styrar av songskulen i Aberdeen og deretter Edinburgh, og innførte den nye femfingra spelemåten for orgel.[19]Jakob V (1512–42) var både ein dyktig luttspelar og ein viktig støttespelar for skotsk musikk. Han introduserte fransk chanson og consortmusikk (strengeensemble) ved hoffet og støtta komponistar som David Peebles (ca. 1510–1579).[20]
Den skotske reformasjonen, som var direkte inspirert av kalvinismen, var stort sett imot kyrkjemusikk med instrument, og fekk orgel fjerna. I staden la ein vekt på salmar med bibeltekstar i metrisk form.[19] Det viktigaste i skotsk reformasjonsmusikk er truleg A forme of Prayers som kom ut i Edinburgh i 1564.[21] Då den katolske dronninga Maria Stuart kom tilbake frå Frankrike i 1561 blei det skotske hoffet musikalsk fornya. Maria Stuart spelte lutt, virginal og var ein god songar.[22] Ho støtta mange musikarar, og fornya det kongelege kapellkoret i Stirling Castle. På grunn av orgeløydelegginga måtte akkompagnementet skje med trompet, tromme, sekkepipe og marsjfløyte.[22] Den viktigaste skotske komponisten frå denne tida var Robert Carver (ca. 1485–ca. 1570), som mellom anna skreiv motetten «O Bone Jesu» med nitten stemmer.[23] Også kong Jakob VI av Skottland var ein støttespelar for kunst og kultur, men etter at han også blei konge av England flytta det kongelege kulturelle tyngdepunktet til Westminster i London.[24]
Sekulær musikk
Medan harpa tapte popularitet fekk sekkepipe ei stadig viktigare rolle i skotsk kultur. Ei nedteikning frå 1396 fortel at «krigspiper» (warpipes) blei brukt i slaget ved North Inch of Perth. Fleire sekkepiper, mellom anna ein eigen type frå dei skotske høglanda blir omtalt i eit dikt frå 1598 gjeve ut i The Complaynt of Scotland.[25] Ei primitiv skotsk fele, fydill, blei erstatta av den italienske fiolinen på 1600-talet, og har hatt ein viktig plass i dansemusikk over heile Skottland.[26]
Den eldste trykte samlinga av sekulær skotsk folkemusikk var Songs and Fancies: to Thre, Foure, or Five Partes, both Apt for Voices and Viols frå 1662, gjeve ut av John Forbes i Aberdeen. Verket inneheldt 77 songar, av dei var 25 av skotsk opphav. Dei fleste songane er av ukjend opphav, men nokre av dei er av engelske John Dowland.
1700-talet
Den italienske stilen i klassisk musikk kom truleg til Skottland gjennom Lorenzo Bocchi, ein cellist og komponist som reiste til landet i 1720-åra. Han innførte celloen til landet og komponerte arrangement for låglandsskotske songar. Bocchi kan ha vore med i skapinga av den første skotske operaen, The Gentle Shepherd, som diktaren Allan Ramsay skreiv libretto til.[27]Thomas Alexander Erskine var ein kjend komponist i si samtid på midten av 1700-talet, men blei gløymd kort tid etter at han døydde.[28]
Ein hadde byrja trykka skotske balladar på 1600-talet, men på 1700-talet kom fleire samlingar songar og melodiar. Døme på dette er Original Scotch Tunes (1700) av Playford, MS (1710) av Sinkler, Choice Collection of Comic and Serious Scots Poems both Ancient and Modern (1706-1711) av James Watson,[29]Orpheus Caledonius or a Collection of the best Scotch Songs set to Musick (1725) av William Thomson.[30] Komponisten James Oswald gav ut The Caledonian Pocket Companion i 1751, og folkemusikksamlaren David Herd gav ut The ancient and Modern Scots Songs, Heroic Ballads, &c. i 1769. Forleggaren James Johnson og diktaren Robert Burns brukte desse til den vektige samlinga The Scots Musical Museum (1787-1803) i seks band med over hundre songar i kvart. I denne samlinga bidrog også Burns med nyskrivne tekstar. Select Scottish Airs samla av George Thomson og gjeve ut mellom 1799 og 1818 inneheldt også stoff frå Burns og frå Walter Scott.
Skotsk felespel hadde eit høgdepunkt på 1700-talet, med legendariske felespelarar som William Marshall og Niel Gow. Frå midten av hundreåret blei det gjeve ut notesamlingar med felemusikk, mellom anna av Nathaniel Gow, ein son av Niel som også spelte fele. Barokke komponistar som Charles McLean, Alexander Munro,[31]James Oswald og William McGibbon brukte skotsk felespel i sine komposisjonar.
1800-talet
Den gæliske gjenfødinga seint på 1800-talet førte til ei sterkare skotsk nasjonalkjensle og gjenoppliving av folkemusikkskikkar. I 1891 blei Scottish Orchestra (1891), no Royal Scottish National Orchestra, grunnlagt.[32] Harpespel, som hadde døydd ut i Skottland i føre hundreåret, blei gjenoppliva med ei rekonstruert harpe. Denne blei kalla clársach (gælisk for 'harpe'), sjølv om ho bygde meir på den franske konsertharpa enn det eldre folkeinstrumentet.[33] Nye instrument blei også innført i dette hundreåret, som trekkspel, som raskt blei ein del av folkemusikken.[34] Ein lang fløytetradisjon blei fornya med masseproduserte blekkfløyter, som etterkvart fekk ein minst like sjølvsagt plass.
Komponisten Alexander Campbell Mackenzie brukte skotsk musikk i Scottish Rhapsodies for orkester (1879–80, 1911), Pibroch for fiolin og orkester (1889) og Scottish Concerto for piano (1897).[35]John McEwen brukte også skotske folkemelodiar i Border Ballads (1908) og Solway Symphony (1911).[36] Andre skotske komponistar frå denne nasjonalromantiske perioden er mellom anna Hamish MacCunn og William Wallace.[37] Skottland inspirerte også tyske Felix Mendelssohn til å skriva to kjende verk: Overtyren Die Hebriden ('Hebridane') eller Die Fingalshöhle ('Fingal's Cave', 'Fingal-hola') og sin Symfoni nr. 3 eller «Den skotske symfonien».
1900-talet
På 1900-talet fekk skotsk folkemusikk merksemd frå fleire kantar. Felespelaren James Scott Skinner, eller «Strathspey King», blei den første internasjonalt kjende keltiske musikaren med nokre svært tidlege innspelingar. Musikksamlarar som Gavin Greig, Hamish Henderson og Calum Maclean gav ut folkemusikksamlingar og samarbeidde med den amerikanske musikkforskaren Alan Lomax.
To skotske rockemusikarar frå 1960-talet som hadde internasjonal innverknad var Donovan (Donovan Phillips Leitch), ein songar-låtskrivar og gitarist innan folkrock og psychedelia, Jack Bruce (John Symon Asher Bruce), ein bassist og komponist innan blues-rock og jazz-rock som mellom anna var med i Cream, Manfred Mann og Ringo Starr & His All-Starr Band. Begge var inspirerte av skotsk musikk og litteratur.[39]
I tillegg til tradisjonelle folkesongar blei det også skrive mange nye songar i same stilen, av musikarar som Matt McGinn, Archie Fisher, The Corries, Rab Noakes og Gerry Rafferty og Billy Connolly i «Humblebums». Låtskrivarane Bennie Gallagher og Graham Lyle opptredde som ein duo og skreiv ei rekkje songar som blei framførte av fleire popartistar. Dougie MacLean starta i tradisjonelle grupper som Puddocks Well og Tannahill Weavers før han blei solomusikar og låtskrivar av kjende songar.
I 2004 omtalte tidsskriftet Time Glasgow som «Europe's capital of rock music».[46] Byen blei ein musikkby under UNESCO i 2008.[47]
Jazz
Skottland har ein sterk jazztradisjon, og har produsert fleire jazzmusikarar i verdsklasse sidan 1950-talet, som Jimmy Deuchar,[48]Bobby Wellins[49] og Joe Temperley.[50] Kanskje den beste kjende noverande skotske jazzmusikaren er saksofonisten Tommy Smith.[51] Jazzscener er mellom anna JazzBar i Edinburgh, Edinburgh Jazz and Blues Festival, Glasgow International Jazz Festival og frivillige organisasjonar som Platform og Assembly Direct. Edinburgh Jazz and Blues Festival hentar nokre av dei beste jazzmusikarane i verda til Skottland kvart år. Det blir også halde internasjonale jazzfestivalar i andre byar, som Glasgow og Dundee.
Klassisk og kunstmusikk
Skottland har inspirert internasjonale komponistar som Malcolm Arnold og Benjamin Britten. Britten arrangerte fleire skotske folkesongar og brukte den gamle salmen «Dundee» i orkesterverket Scottish Ballad. Den engelske komponisten Peter Maxwell Davies slo seg ned på Orknøyane, der han var ein musikalsk påverknad gjennom ei årrekkje. Han skipa St Magnus-festivalen og komponerte skotsk-inspirerte verk som kammeroperaene The Martyrdom of St Magnus[52] og The Lighthouse,[53]An Orkney Wedding, with Sunrise og Strathclyde Concertos.
↑M. J. Green, The Celtic World (London: Routledge, 1996), ISBN 0-415-14627-5, s. 428. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
↑W. McLeod, Divided Gaels: Gaelic Cultural Identities in Scotland and Ireland, C.1200-c.1650 (Oxford: Oxford University Press, 2004), ISBN 0-19-924722-6, s. 102. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
↑ 18,018,118,2K. Elliott and F. Rimmer, A History of Scottish Music (London: British Broadcasting Corporation, 1973), ISBN 0-563-12192-0, pp. 8–12. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
↑ 19,019,1J. Wormald, Court, Kirk, and Community: Scotland, 1470–1625 (Edinburgh: Edinburgh University Press, 1991), ISBN 0-7486-0276-3, s. 58 og 118. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
↑J. Patrick, Renaissance and Reformation (London: Marshall Cavendish, 2007), ISBN 0-7614-7650-4, s. 1264. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
↑R. M. Wilson, Anglican Chant and Chanting in England, Scotland, and America, 1660 to 1820 (Oxford: Oxford University Press, 1996), ISBN 0-19-816424-6, s. 146–7 og 196–7. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
↑ 22,022,1A. Frazer, Mary Queen of Scots (London: Book Club Associates, 1969), s. 206–7. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
↑M. Gosman, A. A. MacDonald, A. J. Vanderjagt and A. Vanderjagt, Princes and Princely Culture, 1450–1650 (Brill, 2003), ISBN 90-04-13690-8, p. 163. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
↑T. Carter and J. Butt, The Cambridge History of Seventeenth-Century Music (Cambridge: Cambridge University Press, 2005), ISBN 0-521-79273-8, s. 280, 300, 433 og 541; P. Le Huray, Music and the Reformation in England, 1549–1660 (Cambridge: Cambridge University Press, 1978), ISBN 0-521-21958-2, s. 83–5. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
↑R. Cowgill and P. Holman, "Introduction: centres and peripheries", in R. Cowgill and P. Holman, eds, Music in the British Provinces, 1690-1914 (Aldershot: Ashgate, 2007), ISBN 0-7546-3160-5, p. 4.
↑A. S. Garlington, Society, Culture and Opera in Florence, 1814-1830: Dilettantes in an "Earthly Paradise" (Aldershot: Ashgate, 2005), ISBN 0-7546-3451-5, pp. 19-20.
↑Tittelblada i dei tre utgjevingane til Watson er datert 1706, 1709 og 1711.
↑Thomson gav ut ei utvida utgåve i to band i 1733 med tittelen Orpheus caledonius: or, A collection of Scots songs.
↑C. Harvie, No Gods and Precious Few Heroes: Twentieth-century Scotland (Edinburgh: Edinburgh University Press, 3rd edn., 1998), ISBN 0-7486-0999-7, p. 137.
Emmerson, George S. Rantin' Pipe and Tremblin' String – history of Scottish dance music. Second edition 1988. Galt House, London, Ontario, Canada. ISBN 0-9690653-3-7
Eydmann, Stuart "The concertina as an emblem of the folk music revival in the British Isles." 1995. British Journal of Ethnomusicology 4: 41–49.
Eydmann, Stuart "As Common as Blackberries: The First Hundred Years of the Accordion in Scotland." 1999. Folk Music Journal 7 No. 5 pp. 565–608.
Eydmann, Stuart "From the "Wee Melodeon" to the "Big Box": The Accordion in Scotland since 1945." The Accordion in all its Guises, 2001. Musical Performance Volume 3 Parts 2 – 4 pp. 107–125.
Eydmann, Stuart The Life and Times of the Concertina: the adoption and usage of a novel musical instrument with particular reference to Scotland. PhD Thesis, The Open University 1995 published online at www.concertina.com/eydmann [1]
Hardie, Alastair J. The Caledonian Companion – A Collection of Scottish Fiddle Music and Guide to its Performance. 1992. The Hardie Press, Edinburgh. ISBN 0-946868-08-5
Heywood, Pete and Colin Irwin. "From Strathspeys to Acid Croft". 2000. In Broughton, Simon and Ellingham, Mark with McConnachie, James and Duane, Orla (red.), World Music, Vol. 1: Africa, Europe and the Middle East, pp 261–272. Rough Guides Ltd, Penguin Books. ISBN 1-85828-636-0
Gilchrist, Jim. "Scotland". 2001. In Mathieson, Kenny (red.), Celtic music, pp. 54–87. Backbeat Books. ISBN 0-87930-623-8