Scotland the Brave

Notar til «Scotland the Brave»
«Scotland the Brave» spelt av United States Air Force Reserve Pipe Band

«Scotland the Brave» (skotsk-gælisk «Alba an Aigh») blir rekna som ein av nasjonalsongane til skottane, og blir mellom anna nytta som nasjonalhymne ved Samveldeleikane. Til liks med England har heller ikkje Skottland nokon offisiell nasjonalsong, men «Scotland the Brave» blir tradisjonelt nytta som ein song for nasjonen – ofte saman med «Flower of Scotland». Melodien blei truleg fyrst spelt seint på 1800-talet.[1] Teksten blei skriven ca. 1950 av journalisten Clifford Leonard Clark Hanley (1922–1999). Tittelen kjem frå refrenget:

Land of my high endeavour,
Land of the shining river,
Land of my heart for ever,
Scotland the brave.

Kjelder

  1. «SCAFFIES CAIRET». ibiblio.org.