Mogwai er eit skotskpostrockband frå Glasgow, skipa i 1995.
Mogwai er blitt eitt av dei mest innverknadsrike og kjente postrock-banda. Dei skriv lange instrumentale gitarbaserte stykke i postrock-tradisjonen, vanlegvis variasjonar over eit enkelt tema, og dei er kjende for dynamisk kontrast, melodiske bassriff, og ein særeigen bruk av distortion og effektpedalar.
Stuart Braithwaite og Dominic Actchinson skipa gruppa saman med Martin Bulloch i 1995.[1][2] Dei to første hadde då kjent kvarandre nokre år, og då dei trefte Bulloch som spelte trommar, danna dei eit band saman. Gruppa tok namnet sitt frå dyra i filmen Gremlins, som i kinesisk tradisjon tyder 'vond ånd' eller 'djevel' på kantonesisk.[3] Gitaristen Stuart Braithwaite har sagt at namnet ikkje har noka særskild tyding for gruppa.[a][4]
Gruppa debuterte i februar 1996 med singelen «Tuner»/«Lower». Ved slutten av året blei dei tildelt utnemninga «single of the week» av NME for «Summer», noko dei oppnådde igjen tidleg i 1997 med «New Paths to Helicon».[1] Bandet spelte nokre konsertar før John Cummings vart med. Dei byrja så å spela inn plata Mogwai Young Team. Med seg på denne innspelinga hadde dei òg Brendan O'Hare, kjend frå bandet Teenage Fanclub.[1] Han blei aldri fast medlem i bandet, og var berre med på denne plata. Barry Burns kom ikkje med i bandet før dei skulle spela inn den tredje plata si, Come On And Die Young.[4]
Diskografi
Studioalbum
Young Team, 27. oktober 1997
Come on Die Young, 29. mars 1999
Rock Action, 30. april 2001
Happy Songs for Happy People, 9. juni 2003
Government Commissions (B.B.C. Sessions 1996-2003) 2005
Mr. Beast, 8. mars 2006
Zidane: A 21st Century Portrait, 30. oktober 2006
The Hawk Is Howling, 22. september 2008
Hardcore Will Never Die, But You Will, 2011
Rave Tapes, 2014
Every Country's Sun, 2017
As the Love Continues, 2021
The Bad Fire, 2025
Merknadar
↑"it has no significant meaning and we always intended on getting a better one, but like a lot of other things we never got round to it."