Britten vart fødd på minnedagen til sankt Cecilia, vernehelgen for musikk.[1] Fødestaden hans var hamnebyen Lowestoft i Suffolk aust i England, eit område han skulle bu i størsteparten av livet sitt. Han var den yngste av fire søsken. Far hans, Robert, var tannlege medan mora Edith var amatørmusikar og sekretær i Lowestoft Musical Society.[2] Det var ho som lærte Benjamin pianospel og notar. Allereie som femåring prøvde Britten å skriva eit musikkstykke,[3] utan å eigentleg kunna notar. I 9–12-årsalderen skreiv han småstykka som han seinare skulle arrangera til Simple Symphony i 1934. Han skreiv om dette i plateomslaget til innspelinga frå 1956:
«
Once upon a time there was a prep-school boy. ... He was quite an ordinary little boy ... he loved cricket, only quite liked football (although he kicked a pretty "corner"); he adored mathematics, got on all right with history, was scared by Latin Unseen; he behaved fairly well, only ragged the recognised amount, so that his contacts with the cane or the slipper were happily rare (although one nocturnal expedition to stalk ghosts left its marks behind); he worked his way up the school slowly and steadily, until at the age of thirteen he reached that pinnacle of importance and grandeur, never to be quite equalled in later days: the head of the Sixth, head-prefect, and Victor Ludorum. But – there was one curious thing about this boy: he wrote music. His friends bore with it, his enemies kicked a bit but not for long (he was quite tough), the staff couldn't object if his work and games didn't suffer. He wrote lots of it, reams and reams of it.[4]
»
Då Benjamin Britten blei litt eldre tok han pianotimar hjå læraren Ethel Astle og lærte å spela bratsj av Audrey Alston, ein venn av mora som hadde vore profesjonell bratsjspelar før ho gifta seg.[5] Som trettenåring fekk han opplæring i komposisjon av Frank Bridge etter å ha høyrd tonediktet hans The Sea på ein konsert i Norwich. Dette var det fyrste større verket moderne musikk han hadde høyrt, og det hadde ein sterk effekt.[6][7]
Som sekstenåring vann Britten eit stipend til å studera ved Royal College of Music i London, dømt av komponistane John Ireland og Ralph Vaughan Williams harmoni og kontrapunktlæraren ved colleget, S.P. Waddington.[8]
Han var ved RCM frå 1930 til 1933, og studerte komposisjon med John Ireland og piano hjå Arthur Benjamin. Han blei ein dyktig pianospelar som seinare spelte det mykje som akkompagnement og til kammermusikk. Han vann Sullivan-prisen for komposisjon, Cobbett Competition for kammermuskk, og Ernest Farrar-prisen for komposisjon to gonger.[9]
Komponist
The Scallop, skulptur av Maggi Hambling i Aldeburgh i Suffolk. Teksten på skjelet er henta frå Britten sin opera Peter Grimes.
Britten skreiv fleire verk medan han var ved College of Music. Hans første verk med opusnummer var Sinfonietta frå 1932. A Boy was Born (opus 3, 1933) for kor utan akkompagnement. Dette verket blei spelt på BBC i februar 1934, og blei så positivt motteke at eit anna stykke av Britten, Phantasy (opus 2), blei valt ut av International Society for Contemporary Music til å framførast ved deira festival for samtidsmusikk i Firenze same året. Den dødssjuke faren hans oppfordra Britten til å dra, og døydde under festivalen.
Ved festspela i Salzburg i 1937 fekk Britten stor internasjonal suksess med sine Variasjoner over eit tema av Frank Bridge. Men dette året miste Britten også mor si og Peter Burra, ein nær ven. Gjennom ein arv etter Burra blei Britten kjend med tenoren Peter Pears, som han skulle utvikla eit nært musikalsk og seinare også personleg tilhøve til. Mora etterlét seg også nok pengar til å kjøpa ei gammal vindmølle i Snape i Suffolk og setja henne i stand til bustad.
Rundt midten av 30-talet arbeidde Britten for General Post Office Film Unit, som laga dokumentarfilmar om livet i England, særleg blant arbeidarar. Her arbeidde han mellom anna med diktaren W.H. Auden. Begge var med på å laga den omtykte filmen Night Mail, og dei to utvida samarbeidet til mellom anna songsyklusen Our Hunting Fathers. Også seinare skreiv Britten musikk for film og fjernsyn, som Owen Wingrave (1976), ein opera skriven for fjernsyn, The Young Person's Guide to the Orchestra (1946), eit mykje omtykt verk som var bestilt av det britiske undervisingsdepartementet og skulle visa fram lyden av ulike musikkinstrument. Britten skreiv mykje musikk for, av og til støtte for barn, som barneoperaer, kantaten Saint Nicolas (1948) og Children's Crusade (1968) for Save the Children (Redd barna).
I 1939 drog Auden, og seinare også Britten og Pears, til USA. Britten skreiv fleire stykke her, mange av dei songstykke for Pears eller andre solistar, men også orkesterverk, som Sinfonia da Requiem, tileigna foreldra. Han pleia venskapen med Aaron Copland og høyrde dei nye verka hans. Britten skreiv sitt første musikalske drama, Paul Bunyan, i USA og etter ei amerikansk soge, men med libretto av Auden. Britten og Pears blei verande i USA til 1942, først for å oppfordra amerikanarane til å støtta Storbritannia i andre verdskrigen, seinare fordi det var vanskeleg å få visum til å dra attende. Under overfarten fullførte Britten A Ceremony of Carols og Hymn to St Cecilia. Britten var pasifist og både han og Pears meinte dei kunne støtta landet sitt betre musikalsk enn militært. Dei registrerte seg som militærnektarar og heldt i staden konsertar for Council for the Encouragement of Music and the Arts (CEMA).
I 1945 hadde Britten sin opera Peter Grimes premiere i Sadler’s Wells Theatre med Peter Pears i hovudrolla. Han spådde ei ny tid for britisk opera, og er blitt rekna som den første store engelske operaen sidan Dido and Aeneas av Henry Purcell. I åra som følgde skreiv Britten fleire operaer, som «kammeroperaene» The Rape of Lucretia, Albert Herring og den mykje omtykte The Turn of the Screw (1954). Han samarbeidde om mange av desse verka med Eric Crozier, som var seneinstruktør og librettoforfattar. Medan mykje av musikken Britten skreiv var basert på moderne litteratur, skreiv han også opera basert på Shakespeare (Midsummer Night's Dream, 1960) og engelsk historie (Gloriana, 1950, om dronning Elisabet I).
I 1947 slo Britten og Pears seg ned i Aldeburgh ved kysten av Norfolk. Året etter arrangerte dei Aldeburgh-festivalen for første gong. På festivalen, som har halde fram til våre dagar, blei det presentert førelesingar, kunst og musikk av Britten og andre.
Mstislav Rostropovitsj og Benjamin Britten etter ein konsert i 1964.Glasmåleri til minne om Benjamin Britten i kyrkja i Aldeburgh, basert på Britten sine tre Church Parables.
I 1950-åra fann Benjamin Britten inspirasjon i asiatisk musikk. Under ei reise i 1957 opplevde han både balinesiskgamelanmusikk og japansk no-teater. Hans musikalske svar var balletten The Prince of the Pagodas (1957) og tre halv-operatiske verk han kalla Parables ('likningar') til framføring i ei kyrkje. Han skreiv også mange andre religiøst inspirerte verk, som fem canticles og i 1962 War Requiem, eit meisterleg korverk basert på dikta til Wilfred Owen, til opninga av den gjenoppbygde domkyrkja i Coventry.
På 1960-talet knytte Britten venskap med russarane Sjostakovitsj, som han dirigerte musikken til, cellisten Rostropovitsj
og kona hans, sopranen Galina Visjnevskaja. Desse skreiv han fleire verk for. Gjennom heile karrieren sin hadde Britten ofte skrive musikk for særskilde utøvarar. Hans siste opera, Death in Venice, blei laga som ei avskjedsrolle for Peter Pears. Britten hadde vore plaga av dårleg helse under skrivinga, og kort tid før premiera måtte han ta ein hjarteklaffoperasjon. Operasjonen var ikkje heilt vellukka, og etterpå kunne ikkje Britten dirigera lenger. Han trengde sjukepleie, men klarte likevel å skriva fleire verk før han døydde i 1976. Mange av desse blei urfamførte ved Aldeburgh-festivalar.
1963: Grammy-pris for Classical Album of the Year, Best Classical Composition by a Contemporary Composer, Best Classical Performance – Choral (Other Than Opera) (alle for War Requiem)
Banks, Paul (2000). The Making of Peter Grimes: Essays and Studies. Woodbridge: Boydell Press. ISBN978-0-8511-5791-7.
Begbie, Jeremy; Guthrie, Steven R. (2011). Resonant Witness: Conversations between Music and Theology. Grand Rapids, Michigan: W B Eerdmans. ISBN978-0-8028-6277-8.
Britten, Benjamin (2004). Donald Mitchell, red. Letters from a Life: The Selected Letters of Benjamin Britten, Volume III, 1946–1951. London: Faber and Faber. ISBN978-0-5712-2282-7.
Britten, Benjamin (2008). Reed, Philip; Cooke, Mervyn; Mitchell, Donald, red. Letters from a Life: The Selected Letters of Benjamin Britten, Volume IV, 1952–1957. London: The Boydell Press. ISBN978-1-8438-3382-6.
Gilbert, Susie (2009). Opera for Everybody. London: Faber and Faber. ISBN978-0-5712-2493-7.
Graham, Colin (1989) [1979]. «Staging first productions». I David Herbert. The Operas of Benjamin Britten. London: Herbert Press. ISBN978-1-8715-6908-7.
Mann, William (1952). «The Incidental Music». I Mitchell, Donald; Keller, Hans. Benjamin Britten: A Commentary on his Works from a Group of Specialists. Rockliff. OCLC602843346.
Powell, Neil (2013). Britten: A Life for Music. London: Hutchinson. ISBN978-0-0919-3123-0.
Piper, Myfanwy (1989) [1979]. «Writing for Britten». I David Herbert. The Operas of Benjamin Britten. London: Herbert Press. ISBN978-1-8715-6908-7.
Ray, John (2000). The Night Blitz: 1940–1941. London: Cassell. ISBN978-0-3043-5676-8.
Robinson, Suzanne (Autumn 1997). «An English Composer Sees America: Benjamin Britten and the North American Press, 1939–42». American Music15: 321–351. JSTOR3052328. doi:10.2307/3052328.
Schafer, Murray (1963). British Composers in Interview. London: Faber and Faber. OCLC460298065.
Seymour, Claire Karen (2007). The operas of Benjamin Britten – Expression and Evasion. Woodbridge: Boydell Press. ISBN978-1-8438-3314-7.