Det finst ikkje sikre historiske opplysingar om Cecilia. Det kan ha levd fleire personar med dette namnet i antikken som blei æra som heilage i den tidlege kyrkja. Helgensoga som ettekvart blei fortald om Cecilia seier at ho kom frå ein kristen senatorfamilie i Roma, og blei gift bort til ein heidensk adelsmann, Valerianus, som ho overtalte til å leva i eit kysk samliv ved å fortelja at ein engel vakta over kroppen hennar. Etter at maken blei kristna av pave Urban I skal paret ha blitt krona med roser og liljer av engelen. Ifølgje den same soga skal paret ha lidd martyrdøden seinare under kristenforfølgingane. Bødlane mislukkast i å drukna henne i badet hennar, og halshogg henne i staden.
Før ho døydde, og medviten om at ho snart kom til å døy, skal Cecilia ha ordna det slik at heimen hennar blei gjort om til ein stad for gudstenester.
↑Media, Franciscan (22. november 2015), «Saint Cecilia», Franciscan Media (på engelsk), arkivert frå originalen 16. november 2019, henta 24. november 2019