Lewis Marc Capaldi (fødd 7. oktober1996) er ein skotsk songar-låtskrivar fødd i Glasgow.[1][2] Capaldi fekk suksess hjå eit breiare publikum i 2018, og i 2019 nådde singelen hans «Someone You Loved» fyrsteplassen på UK Singles Chart.
Debutalbumet hans Divinely Uninspired to a Hellish Extent kom ut 17. mai 2019.[3]
Liv
Capaldi var fødd i Glasgow, men voks hovudsakleg opp i Bathgate i West Lothian. Han lærte seg å spela gitar då han var ni, og starta musikkarrieren sin i 12-årsalderen med å syngja på pubar.[4] Han slapp debutskiva si, Bloom EP, 20. oktober 2017 i eit samarbeid med den grammyprisvinnande produsenten Malay, som hadde arbeidd lenge saman med Frank Ocean.[5][6]
Capaldi fekk suksess gjennom å lasta opp opptak av seg sjølv i soverommet sitt på SoundCloud, som blei oppdaga av manageren Ryan Walter.[7][8] Den 31. mars 2017 slapp han den første låten sin, «Bruises». Låten var snart blitt spelt nær 28 millionar gongar på Spotify verda over, og Capaldi blei den usignerte artisten som raskast nokon gong hadde nådd over 25 millionar avspelingar på plattforma.[9] Like etterpå skreiv han kontrakt med plateselskapa Virgin EMI Records og Capitol Records .[10]
Høgare kjendisfaktor og europaturné (2017-2018)
I slutten av 2017 blei Capaldi lista av Vevo DSCVR som ein av «Artists to Watch 2018».[11] Han var òg med på første Sound of-lista til BBC Music, Sound of 2018.[12]
Capaldi varma opp for Rag'n'Bone Man på europaturnéen hans i november 2017, og for Milky Chance på den nordamerikanske delen av Blossom-turneen deira i januar 2018. Han fekk merksemd ifrå kjendisar som Chloë Grace Moretz, Kygo, James Bay, Ellie Goulding og Niall Horan .[13][14] Horan bad Capaldi om å opna for han på to show på Flicker World Tour; på Glasgow SEC Armadillo i mars 2018. I mai 2018 følgde Capaldi med Sam Smith på hans The Thrill of It All European Tour, og varma opp for Smith på 19 konsertar. Deretter kunngjorde han at han skulle ut på ein ny turné i Storbritannia og Europa elles, på scenar med kapasitet for 2000 tilhøyrarar.
13. juli 2018 blei Capaldi del av BBC Radio 1 si «Brit List», som garanterte han tre Radio 1-spelelister. I august 2018 baud det irske indierockbandet Kodaline inn Capaldi som oppvarmar på ein konsert i Belfast.[15] Elles spelte Capaldi på fleire festivalar sommaren 2018, mellom anna Lollapolooza, Bonnaroo, Firefly, Mountain Jam, Osheaga, Reading & Leeds Festival, Rize og TRNSMT.
Capaldi gav ut sin andre EP, Breach, den 8. november 2018. Denne inneheldt dei tidlegare slopne singlane «Tough» og «Grace», i tillegg til den nye låten «Someone You Loved» og ein demo-versjon av «Something Borrowed».
2019–2020: Divinely Uninspired to a Hellish Extent
Breach-sporet «Someone You Loved» blei gjennombrotssingelen til Capaldi, og nådde topplistene i 29 land. Medan han var på turne med Bastille i 2019,[16] nådde songen fyrsteplassen på UK Singles Chart, og heldt posisjonen i 7 veker. Han nådde også fyrsteplassen på Billboard Hot 100, og blei med det den fyrste skotske soloartisten til å toppa listene i USA sidan Sheena Easton i 1981.[17] Songen blei nominert til ein grammypris for Song of the Year.[18] Ifølgje IFPI var songen den 9. største singelen i verda i 2019.[19] Eit anna spor frå Breach «Grace», nådde 9. plassen i Storbritannia same året.[20] Begge songane var med på debutalbumet til Capaldi, Divinely Uninspired to a Hellish Extent. Singelen «Hold Me While You Wait», som følgde albumet som digital nedlating,[21] gjekk inn på den britiske singellista på 4. plassen.[22]
Capaldi blei nominert til Brit Critics' Choice Award ved Brit Awards i 2019, men tapte for Sam Fender. Ved slutten av mars opna Capaldi det irske barnet Picture This i Irland.[23] I april kom dataspelet Days Gone ut med songen hans «Days Gone Quiet» som avsluttingssport.[24] Songen fekk nominasjonar frå Game Audio Network Guild Awards[25] og NAVGTR Awards.[26]
Sommaren 2019 opptredde Capaldi ved fleire festivalar, som Belsonic i Belfast, der han opna for The Killers,[27] og Glastonbury Festival.[28] Frå 16. til 26. august opna han for Ed Sheeran ved slutten av verdsturneen hans Divide på fire konsertar i Ipswich og Leeds.[29] Mot slutten av året blei ei utvida utgåve av debutalbumet hans gjeve ut i lag med singelen «Before You Go», som blei den andre topplåten hans på UK Singles Chart 31. januar 2020.[30][31]
Initiativet LiveLive[32] blei starta for å hjelpa konstergjengarar til å ha ei betre oppleving på konsertane hans.[33] Ved Brit Awards 2020 fekk Capaldi tre nominsajsonar, og vann to av dei. To songar skrivne av Capaldi blei også gjevne ut dette året: Rita Ora sin «How to Be Lonely» og Sigala sin «Lasting Lover».[34]
Den fyrste singelen «Forget Me» frå andrealbumet hans, Broken by Desire to Be Heavenly Sent,[39][40] kom ut i september 2022, og blei den fyrste songen hans til å byrja på toppen av UK Singles Chart.[41] Seinare same månaden kom frosenpizzamerket hans «Big Sexy Pizza» ut i dei britiske supermarknadane Iceland og Tesco.[42] Han fekk sin fjerde singel på fyrsteplassen med «Pointless» i januar 2023.[43] I april 2023 kom dokumentaren hans How I'm Feeling Now ut på Netflix.[44]