Namnet Belfast kjem frå irsk Béal Feirsde (seinare stava Feirste), 'munningen ved sandbanken' eller 'vadestaden'. Namnet til elva Farset, som tidlegare prega byen, er også knytt til denne sandbanken.
Sentrum av byen har fyrst på 2000-talet vorte opprusta kraftig, spesielt området ved elva. I store område er det ikkje lov med bilkøyring. Dei viktigaste bygga er frå viktoriansk og edvardiansk tid. Av desse kan nemnast Queen's University (1849), rådhuset (1903) og Ulster Bank (1860).
Byen har den største tørrdokken i verda, ved Harland and Wolffskipsverft. Dei to enorme kranane Samson og Goliath er kjende landemerke. Verftet er spesielt kjend for å ha konstruert skipet RMS «Titanic».
Byen har lenge vore delt i katolske og protestantiske område. Etter at The Troubles starta i slutten av 1960-åra vart det oppretta sperringar (peace lines) mellom bydelar som huste dei ulike gruppene. Etter at Det provisoriske IRA annonserte våpenkvile i 1997 har byen vore relativt fredeleg, men sperringane er ikkje tekne ned.