Denne artikkelen handlar om elva i Nord-Irland. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lagan.
Lagan er ein elv i Nord-Irland. Ho er omkring 64 km lang, og renn frå Slieve Croob i Down til Belfast, der ho renn ut i Belfast Lough, ein fjordarm frå Irskesjøen. Elva dannar grense mellom grevskapa Antrim og Down.
Sjølv om namnet Belfast kjem frå det irske namnet Béal Feirste, munningen av Farset, har Lagan i moderne tid vore ei viktigare og synlegare elv i byen enn Farset. I 1994 vart eit større sluseprosjekt som kunstig stabiliserer vasstanden i Lagan, The Lagan Weir, ferdigstilt.
Kjelder