Kyrre Gørvell-Dahll (fødd 11. september1991), betre kjent under artistnamnet Kygo, er ein EDM-musikar frå Fana i Bergen i Vestland. Han vart kjend gjennom nettstadene YouTube og Soundcloud, der han publiserte musikken sin og fekk over 400 millioner treff. Kygo bur i Sandviken i Bergen.
Bakgrunn
Kyrre Gøvell-Dahl vart fødd i Singapore.[1][2][3] Han begynte å ta pianotimar i ein alder av seks år.[4] Då han var i ein alder mellom 15 eller 16 år slutta han med pianotimar, og begynte å produsere musikk på eiga hand gjennom dataprogrammet Logic Studio og eit MIDI-keyboard, i tillegg til å sjå lærevideoar på YouTube.[5][treng kjelde] Inspirasjonen til å laga EDM-musikk kom frå den svenske DJ-en Avicii.[6]
Artistnamnet «Kygo» kjem frå brukarnamnet hans på skuleverktøyet itslearning, og er ei samantrekking av hans dei to første bokstavane i førenamnet og etternamnet hans.[7]
Suksess
Dei mest populære låtane Kygo har remixa er mellom anna Ed Sheeran sin «I See Fire», Marvin Gaye sin «Sexual Healing» og Ellie Goulding sin «High for This».[8] I mai 2014 remixa han låta «Midnight» på oppdrag av Coldplay.[9] Seinare same månaden nådde remixen hans av Seinabo Sey sin song «Younger» fyrsteplassen på VG-lista topp 20.[10] Kygo sin fyrste singel, «Firestone», klatra også til topps på VG-lista.[11]
«Stole the show» vart oppfylginga av «Firestone», som då blei ein stor hit både internasjonalt og nasjonalt. «Stole the Show» nådde også VG-lista topp 20.
Kygo opptredde på EDM-festivalen Tomorrowland i juli 2014.[12] Han opptredde også på Ultra Music Festival i april 2015.[13]
Kåringar
Kygo vart kåra til Årets spellemann under Spellemannsprisen 2015 og vann i tillegg klassen årets låt for «Stole the Show». Han vart dessutan nomitert i klassane årets låt for «Firestone», årets musikkvideo for «Stole the Show», årets nykomling og årets produsent.
Kygo er den artisten som raskast har nådd éin milliard avspelingar på Spotify, i desember 2015.[14]