Biffy Clyro er ei skotsk rockegruppe frå Kilmarnock som består av Simon Neil (song, gitar), James Johnston (bass, song) og dessutan Ben Johnston (trommer, song).[1]
Dei tre medlemmene grunnla den fyrste gruppa si, Screwfish, i 1995 som unge tenåringar. Sidan 2002 har dei som bandet Biffy Clyro gjeve ut fem studioalbum, Blackened Sky, The Vertigo of Bliss og Infinity Land, men det var etter det fjerde albumet Puzzle, som kom ut 2007, at dei fekk det store gjennombrotet sitt. I 2009 gav dei ut albumet Only Revolutions. Dette nådde tredjeplassen på den britiske albumlista, selte til gull få dagar etter utgjevinga, og hadde oppnådde dobbel platinastatus i august 2011.
I 2011 blei Biffy Clyro nominert til Brit Awards for Best British Group.[2] Ved NME Awards 2013 vann ho prisen for Best British Band.[3]
Gruppa har aldri forklart nøyaktig kvar namnet «Biffy Clyro» kjem frå. Simon Neil har sagt at det er «eit dumt namn» som ofte har vore vanskeleg å forklara.[4] Medlemmene i gruppa har gjeve ulike oppdikta forklaringar på namnet i intervju.
I ein Pop Quiz-episode på Music Choice sa til dømes Neil at Biffy Clyro var namnet på ein skotte som bygde sin eigen rakett og var den fyrste mannen i verdsrommet.[5]
Diskografi
- 2002 – Blackened Sky
- 2003 – The Vertigo of Bliss
- 2004 – Infinity Land
- 2007 – Puzzle
- 2009 – Only Revolutions
- 2013 – Opposites
- 2016 – Ellipsis
- 2019 – Balance, Not Symmetry
- 2020 – A Celebration of Endings
- 2021 – The Myth of the Happily Ever After
Kjelder
Bakgrunnsstoff