Musikkgruppa Alba

Alba er ei skotsk folkemusikkgruppe som blei danna i 1975.[1] Ho var sett saman av Sean O'Rourke på vokal, bozouki og fløyte, Mike Ward (fele, mandolin, gitar, vokals), Tony Cuffe (gitar, lyre, fløyte og hovudvokal), og seinare også sekkepipespelaren Alan Macleod.[2]

O'Rourke hadde spelt i JSD Band og Ward i The Tannahill Weavers. Den nye gruppa var påverka av irske folkrockgrupper som The Bothy Band og Planxty.[2] Tony Cuffe blei seinare med i Jock Tamson's Bairns og Ossian, og flytta seinare til USA der han opptredde som solomusikar og med Windbags.[2]

Gruppa gav berre ut eitt album, Alba, i 1977.[2]

Kjelder

  1. https://rateyourmusic.com/artist/alba
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Themusicgatherer (30. oktober 2009), «The Music Gatherer: Alba (1977)», The Music Gatherer, henta 24. juni 2024