Manson blei fødd i Edinburgh i 1966 som dotter av Muriel Flora (f. MacKay) og John Mitchell Manson.[1] Far hennar stamma frå eit fiskarsamfunn i Northmavine, og blei universitslærar, medan mora var ein storband-songar som var blitt adoptert av ein familie frå Lothian i ung alder og tok familienamnet MacDonald.[1] Manson blei kalla opp etter ei tante som sjølv var blitt kalla opp etter Charlotte Brontë sin roman Shirley.[2][3][4] Manson har to systrer: Lindy-Jayne, som er to år eldre, og Sarah, som er to år yngre.[5]
Sjølv om Manson ikkje rekna seg sjølv som ein kunstnar før i førtiåra, og framleis ikkje reknar seg sjølv som ein musikar, fekk ho tidleg erfaring med musikk i barndommen og lærte å spela fleire ulike instrument.[6] Ho opptredde offentlege for fyrste gong i 1970, som fireåring, då ho song «Never Smile at a Crocodile» i lag med den eldre systera ved ei amatørframsyning ved Church Hill Theatre i Edinburgh.[7][6] På skulen lærte ho å spela blokkfløyte, klarinett og fele, og utanfor skulen lærte ho ballett og piano frå ho var sju, og blei også med i eit kor.[7] Ho blei elev ved City of Edinburgh Music School, musikkavdelinga til Broughton High School.[5] Ved Broughton blei ho eit aktivt medlem av dramagruppa på skulen, og tok del i skodespel og musikalar som The American Dream og The Wizard of Oz, i tillegg til å synga i jentekoret Waverley Singers.[7] Ei oppsetjing av Maurice the Minotaur ved Edinburgh Festival Fringe i 1981, der Manson spelte ein profet, blei tildelt ein Fringe First-pris av The Scotsman newspaper.[7]
Medan ho treivst på barneskulen, opplevde Manson mobbing det fyrste året av ungdomsskulen (secondary school), noko som førte til depresjon, dysmorfofobi[8] og sjølvskading.[9] Mobbinga tok slutt etter at Manson knytte seg til ei opprørsk gruppe, og sjølv blei opprørsk elev. Ho var vekke frå skulen i mesteparten av det siste skuleåret sitt,[10] misbrukte stoff og utførte mindre kriminelle handlingar, som nasking.[11] Som tenåring ønskte Manson å bli skodespelar, men ho blei ikkje teken inn ved Royal Scottish Academy of Music and Drama (RSAMD).[12][13]
Karriere
Dei fyrste musikalske erfaringane til Manson kom frå då ho song ei kort tid med dei lokale Edinburgh-banda The Wild Indians og bakgrunnsvokal for Autumn 1904.[14] Medan ho opptredde med gruppa blei Manson spurt av frontfiguren Goodbye Mr Mackenzie, Martin Metcalfe, om å bli med i gruppa hans. Manson var fyrst i eit forhold med Metcalfe, men blei verande i gruppa etter at dei slo opp, og blei ein viktig medlem på keyboard, bakgrunnsvokal og som aktiv i drifta av bandet.[15] Den fyrste utgjevinga til Mackenzies som Manson var med på var Death of a Salesman på YTS i 1984.[16] Gruppa skreiv avtale med det større plateselskapet Capitol Records i 1987, og gav ut det fyrste albumet sitt, Good Deeds and Dirty Rags, og sin einare hitt på UK top 40 med The Rattler. I 1990 blei kontrakten til gruppa overført til Parlophone, eit anna merke på EMI, men etter at to av singlane deira ikkje kom inn på listene nekta Parlophone å gje ut det andre albimet deira Hammer and Tongs.[17]
Gary Kurfirst, som var manager for Talking Heads og Debbie Harry, kjøpte kontrakten til Mackenzie og gav ut det andre albumet deira på sitt eige merke Radioactive Records, ein del av MCA Records. Etter at endå ein single ikkje nådde topplistene, blei gruppa overtalt til å forlata Radioactive av managerane sine.[17] Mackenzie heldt fram med å laga nytt materiale; Manson blei også gjeve høve til å spela inn vokal for fleire spor til det tredje albumet til gruppa.[18] Sjølv om MCA ikkje hadde planar om å gje ut meir musikk av Goodbye Mr. Mackenzie, uttrykte selskapet interesse for å spela inn eit album med Manson. Etter å ha høyrd fleire demoar skreiv Kurfirst kontrakt med Manson som soloartist på Radioactive, med resten av Mackenzie som støtteband for henne for å omgå den eksisterande kontrakten deira med MCA.[7][17] Kontrakten til Manson gjorde henne nøydd til å bidra med minst eitt album og, etter Radioactive sitt ønske, opptil seks album til.[19]
Angelfish
Manson og gruppa spelte inn musikk under namnet Angelfish, og brukte noko av det nyleg skrivne materialet og tidlegare utgjevne b-sider frå Mackenzie til albumet Angelfish. Det blei spelt inn i Connecticut med Chris Frantz og Tina Weymouth frå Talking Heads.[7][17] Sporet «Suffocate Me» blei sendt til collegeradio, der det fekk ei god mottaking.[16]Angelfish og den andre singelen «Heartbreak to Hate» kom ut i 1994.[16] Angelfish turnerte i Belgia, Canada, Frankrike og USA. Gruppa opna for Live på deira nordamerikanske turné, i lag med Vic Chestnutt. Musikkvideoen til «Suffocate Me» blei sendt ein gong på MTV sitt program 120 Minutes. Produsenten og musikaren Steve Marker fekk med seg sendinga, og meinte Manson ville vera ein framifrå songar for hans band, Garbage, som også hadde Duke Erikson og Butch Vig som produsentar.[20]
Garbage
Vig inviterte Manson til Smart Studios for å synga på nokre spor. Auditionen var ikkje vellukka, og ho vende tilbake til Angelfish.[20] Manson har sagt ho følte seg overvelda over å prøva seg for Vig, som var produsent for band ho beundra som Nirvana, Sonic Youth og The Smashing Pumpkins. Vig har også sagt at auditionen var nokså uorganisert, og amerikanarane sine problem med å forstå den skotske aksenten til Manson skapte kommunikasjonsproblem.[21] Ved slutten av Live-turneen braut Angelfish saman, og Manson vende tilbake til Smart for eit nytt forsøk. Ho byrja arbeida på dei spinkle byrjingane til nokre songar, og gruppa bad henne bli med som fullverdig medlem og gjera ferdig albumet. Manson var med på å skriva og produsera heile albumet i lag med resten av gruppa.[19][20] I august 1994 gav Radioactive Manson løyve til å arbeida med Garbage.[19] Debutalbumet Garbage kom ut i august 1995, og kom til å selja i over 4 millionar eksemplar etter fleire singlar som gjorde det godt på hitlistene, som «Only Happy When It Rains» og «Stupid Girl». Manson blei raskt det offentlege fjeset til gruppa i løpet av ein turne som varte til slutten av 1996.
Manson blei hovudlåtskrivaren til gruppa til oppfølgingsalbumet Version 2.0. Også dette hadde stor suksess etter at det blei gjeve ut i mai 1998. I løpet av den to år lange turneen for å støtta albumutgjevinga var Manson modell for Calvin Klein. Gruppa spelte inn opningssongen til James Bond-filmen The World Is Not Enough, og Manson blei den tredje skotske kvinna til å synga ein Bond-song etter Lulu og Sheena Easton. Det tredje albumet til gruppa, Beautiful Garbage, hadde Manson sine mest personlege tekstar til då. Albumet hadde ikkje like gode sal som føregangarane sine, men Garbage hadde suksess på verdsturneen som støtta det.
Tekstane til Manson blei meir tydeleg politiske på det fjerde albumet til Garbage, Bleed Like Me frå 2005. Singelen «Why Do You Love Me» hadde overraskande suksess, og albumet gav gruppa nokre av dei høgaste listeplasseringane hennar. Garbage byrja ein lang pause i oktober 2005. Gruppa vende tilbake til studio i 2010 for å skriva og spela inn materiale til eit femte album,[22]Not Your Kind of People, som kom ut i mai 2012 etter eit sju år langt opphald frå innspelingar. Gruppa gav ut Strange Little Birds i 2016, og No Gods No Masters i 2021.
I 2021 opna Garbage for Alanis Morissette på hennar 2020 World Tour: Celebrating 25 Years of Jagged Little Pill, ein turné som var blitt utsett på grunn av koronapandemien.
Soloarbeid og uutgjeve album
Då Garbage tok ein pause etter fire album, eit samlealbum og meir enn 14 millionar selde skiver, utvikla Manson ein solokarriere og dessutan ein skodespelarkarriere.[23] Ho spelte Catherine Weaver i den andre sesongen av Terminator: The Sarah Connor Chronicles i 2008.
Manson bekrefta i mars 2006 at ho hadde byrja arbeida med eit soloalbum i lag med musikaren Paul Buchanan,[24] produsenten Greg Kurstin[25] og filmkomponisten David Arnold,[26] men sa også at ho ikkje hadde nokon tidsplan for å fullføra prosjektet.[26] I 2009 meldte Manson at ho ville trekka seg tilbake frå musikkindustrien, sidan ho var lei av nye forretningspraksisar der og ho fann skodespel meir engasjerande.[27]
↑ 1,01,1Information gleaned from exhibition research and materials showcased at Famous Scots Exhibition held at New Register House, Edinburgh; Shirley Manson leg ran from 25 May – 17 July 2009, under the Homecoming Scotland banner
↑ 7,07,17,27,37,47,5Information gleaned from exhibition research and materials showcased at Famous Scots Exhibition held at New Register House, Edinburgh; Shirley Manson leg ran from 25 May – 17 July 2009, under the Homecoming Scotland banner
↑MacLean, Craig (1 February 1998). «1998 Will Be Garbage!». The Face. Madison, Wisconsin. Arkivert frå originalen 8. desember 2000. Henta 4. februar 2017.
↑ 19,019,119,2153 F.Supp.2d 462 RADIOACTIVE, J.V., Plaintiff, v. Shirley MANSON, Defendant. No. 01 Civ.1948(SAS). United States District Court, S.D. New York. (29 July 2001)