Dundee starta som ei piktisk busetjing i jarnalderen. Han fekk status som burgh, eller by, av kong William I i 1191. Medan det blir fortald at bror til kongen gav han namnet Donum Dei, 'Guds gåve', etter å såvidt ha unnsluppe døden på veg heim frå krosstog, er det meir truleg at namnet kjem frå det gæliskeDun Dèagh, som tyder 'borga ved Tay'.
Industri
Byen hadde lenge tre hovudindustriar, kjend som «dei tre J-ane»: Jute, og annan tekstilindustri, jam, eller syltetøy, og journalistikk. Dei to første er så godt som borte i dag, men forlaget D. C. Thomson & Co. gjev fortsatt ut ei rekke blad og aviser.
Skipet som tok Robert Scott og følgjet hans til Antarktis, RSS Discovery, blei laga i Dundee, og er i dag på utstilling i byen.
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.